Hopp til innhald

Fagstoff

Det utvida tekstomgrepet

Når vi til vanleg nyttar ordet ”tekst”, tenkjer vi som regel på skriftleg tekst, slik vi til dømes kan lese i ei lærebok. Dei trykte bokstavane dannar ord, setningar og heile bøker. Men tekst er også andre uttrykk, som musikk og film.
Raud vegg med kvit og svart tagging. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekst er teikn sett saman til ein heilskap. Betyr dette at alt er tekst? Korleis skal vi definere omgrepet? Ein heilt sentral eigenskap er at tekstar er sette saman av fleire teikn som er ”vovne” saman etter eit meir eller mindre fast eller bestemt mønster til eit større og samanhengande stykke.

Ser vi på det latinske opphavet til omgrepet, blir denne tydinga tydelegare: Tekst kjem nemleg av det latinske ordet textum, som betyr ”samanvove” eller ”samanfletta”. I daglegtale bruker vi liknande ord som tekstil og tekstur. Tekstil er eit ord vi bruker om det stoffet kleda våre er laga av, og det er også noko som er samanvove. I dette tilfellet er det samanvove av mange trådar, men det er i prinsippet det same: Det viser til ein heilskap som er samanvove av mindre bitar eller trådar.

Samansette tekstar

Sidan vi i daglegtalen som oftast bruker omgrepet tekst om skriftlege tekstar, vil vi her understreke at vi snakkar om eit utvida tekstomgrep. Det omfattar både bilete, musikk, lyd, tale med meir, i tillegg til skrift. Ein film, ein samtale og eit bilete kan slik sett godt bli omtala som tekstar. I nokre tilfelle kan vi også seie at klede og arkitektur kan fungere på same måte og har mange av dei same eigenskapane som tekstar.


Ofte ser vi også at ulike teksttypar blir knytte saman. Tenk deg til dømes ein film – han kan innehalde musikk, tale og skrift, i tillegg til bileta som beveger seg over lerretet. Likevel tenkjer vi på film som eitt ”produkt”. Det same gjeld til dømes avisene eller teikneseriane vi les. Vi les dei som ein tekst, men eigentleg er dei sette saman av fleire og ulike teksttypar.


Slike tekstar kallar vi samansette tekstar. Det som kjenneteiknar samansette tekstar, er at dei kombinerer ulike teksttypar. Vi seier at dei speler på ulike modi, dei er multimodale. Dei aller fleste tekstar har fleire modalitetar. Til dømes har lærebøker både skriftlig tekst (ein modus) og bilete (ein annan modus) som speler saman.

CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland og Marita Aksnes.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?