Hopp til innhald

Fagstoff

Samansette tekstar

Ein samansett tekst er ein tekst som inneheld minst to ulike uttrykksmåtar, som lyd, bilete, skrift eller video. Uttrykksmåtane speler saman og gir teksten meining. Mange av tekstane du omgir deg med, er samansette.
To reklameplakatar for 7-Eleven er sette opp på ei togplattform på Oslo S. Dei består av flotte bilete av fjord, fjell og eit par i bunad, og ein tekst som seier "Welcome to Norway – the land of Chlamydia".  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modalitetar

Vi seier at samansette tekstar inneheld ulike , dei er multimodale. Skrift er ein modalitet, musikk er ein annan. Døme på tekstar som inneheld fleire modalitetar, er TV-program, filmar, nettsider, plakatar, reklamar og musikkvideoar.

Omgrepa "samansette tekstar" og "multimodale tekstar" blir brukte om kvarandre. Tekstomgrepet kan utvidast endå meir, og vi kan kalle til dømes ein konsert, ei utstilling og ei klesdrakt for samansette tekstar. Det betyr at klede, fargar og rommet (til dømes ei konsertscene) òg kan vere meiningsfullt å utforske i arbeidet med samansette tekstar.

Når du arbeider med samansette tekstar, er det viktig å kunne seie noko om samspelet mellom elementa dei består av. Kvar modalitet vil ha sine kjenneteikn, men det interessante er å sjå kva som skjer når dei blir sette saman. Vi skal sjå på nokre slike døme.

Musikkvideoar

I musikkvideoar blir tekst, musikk og bilete kombinert på ein måte som kan framheve betydningar og stemningar i lydsporet eller skape heilt nye betydningar.

I videoen til Magne Furuholmens låt "This is Now America" er dei visuelle elementa laga av teaterduoen Vegard Vinge og Ida Müller. Lyssetjinga og rørslene til skodespelaren er to av elementa som bidreg til å skape ein meiningsfull heilskap. Andre element er handskrivne bokstavar og teikningar, TV-klipp, kulissar og kostyme. Videoen speler på mange kjende referansar frå populærkulturen, som ulike reklamebodskapar, produkt, dataspel, spelefilmar og plateutgivingar.

Du kan sjå musikkvideoen til Magne Furuholmens "This is Now America" på YouTube.

Tenk over / diskuter

Kva for nokre ulike modalitetar er brukte i musikkvideoen "This is Now America", og korleis synest du samspelet mellom dei fungerer?

Kva for nokre kulturelle referansar finn du i musikkvideoen?

Korleis tolkar du bodskapen i denne samansette teksten?

Musikk – kombinasjon av lydeffekter

I klippet over får du eit lite innblikk i ein norsk musikksjanger som har høg status internasjonalt. Korleis tolkar du dette musikalske uttrykket?

Musikk består òg ofte av mange ulike element, som song, tale, sampling, og digitale og analoge (fysiske) lydar og instrument. I tillegg kjem lydproduksjonen, som bidreg til å skape spesielle lydbilete ved å legge på effektar og behandle lyden i eit studio. Nokre element i musikken blir framheva, mens andre kjem i bakgrunnen.

Det finst svært mange musikalske uttrykksformer og musikksjangrar, som har eigne måtar å kombinere desse elementa på. Svartmetall-sjangeren har til dømes eit heilt eige lydbilete, som skil seg frå til dømes punkrock, sjølv om musikarar i desse to sjangrane bruker ganske like element.

I dei første ti minutta av NRK-programmet Helvete på lenka under får du vite meir om det spesielle lydbiletet til banda i sjangeren svartmetall (black metal):

NRK: Helvete: episode 4: Føniks

Tenk over / diskuter

Finn fram noko musikk du liker for tida. Kva for nokre ulike typar lydelement høyrer du, og kva slags lydbilete skaper dei saman?

Demonstrantar i fargerike finlandshetter held opp plakatar med logoen til Amnesty International og bodskapen «Free Pussy Riot!» på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klede som tekst

Kleda du har på deg, kommuniserer noko om kven du er, og for artistar er klesdrakta ein viktig del av imaget.

Når svartmetall-band går på scena, er det neppe tilfeldig kva dei har teke på seg. Kleda deira, saman med musikken og resten av showet, utgjer eit element av ein samansett tekst der mange modalitetar blir kombinerte.

Tenk over / diskuter

Sjå på klesstilen til musikarane i klippet om svartmetall over.

  • Kva slags klede har dei på seg? Kva fargar har kleda?
  • Korleis vil du beskrive stilen deira?
  • Kva kommuniserer kleda?
CC BY-SASkrive av Torgrim Gram Økland, Marita Aksnes og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?