Hopp til innhald

Fagstoff

Skriftlege tekstar

Du møter skriftlege tekstar heile dagen. Allereie ved frukostbordet vil du sjå tekst på emballasjen til det du et og drikk. Han fortel deg kva det er du et, og kva maten og drikken inneheld gjennom bilete, tekst og farge.
Mjølkekartongar i kjøledisken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Deretter tek du kanskje bussen til skulen, og bussen har eit nummer og eit stadnamn som fortel deg kvar bussen skal. På bussen les og skriv du kanskje meldingar via sosiale medium eller sms, og når du kjem på skulen, les du i lærebøker og på nettsider. Vi lever i eit skriftbasert samfunn, og ein dag utan skrift er nærast utenkjeleg.

Tenk over / diskuter

Kor mange av dei tinga du har gjort i dag, hadde vore vanskeleg å gjennomføre om du ikkje kunne lese eller skrive skrift?

Skriftlege tekstar er statiske og monologiske

Ein roman er eit døme på ein skriftleg tekst. Orda i romanen vil ikkje endre seg mens du les, han er ein statisk tekst. Du som les, har stor makt over ein skriftleg tekst. Du kan bestemme kva du skal lese, og avsendaren ser ikkje mottakaren. Avsendaren har likevel god tid til å planleggje det hen skal skrive. Ein forfattar kan bruke fleire år på å skrive ein roman.

Ein skriftleg tekst er ikkje knytt til ein her-og-no-situasjon, men kan bli til over tid. Skriftlege tekstar er òg lite prega av dialog, han oppstår ikkje gjennom to eller fleire stemmer i samspel, men som einetale. Med andre ord kan vi seie at dei er monologiske. Ved hjelp av skriftlege tekstar kan vi kommunisere over store avstandar i tid og rom. Dei islandske ættesogene frå 1000-talet er skriftlege tekstar som i dag gir oss kunnskap om det norrøne språket og kulturen i Norden i vikingtida.

Tenk over / diskuter

Korleis påverkar det skriftlege tekstar som romanar, at dei er monologiske og ikkje inngår i ein dialog med lesaren?

Er artiklar i nettaviser monologiske?

Skjønnlitteratur og sakprosa

Vi kan dele inn skriftlege tekstar på ulike måtar, alt etter formålet. I tekstkulturen som du har vorte sosialisert inn i på skulen, har du sikkert opplevd at det er vanleg å skilje mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Skjønnlitteraturen er ofte fiksjon, altså tekstar der vi ikkje forventar at det vi les, skal halde seg til røyndomen på ein etterretteleg måte. Her finn vi sjangrar som novelle, roman, dikt og eventyr.

Hender held opp ein mobil med tekstmelding på skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sakprosa er tekstar som held seg til røyndommen på ein annan måte ein skjønnlitteraturen. Når vi les sakprosa, forventar vi at det vi les, skal vere sant. Veldig mykje av det vi les i løpet av ein dag, er sakprosa, som nyheitsartiklar, lærebøker, lesarinnlegg, bloggar og tekstmeldingar.

Forholdet mellom fakta og fiksjon har vorte meir komplisert med framveksten av det som ofte blir kalla røyndomslitteraturen. Dette er tekstar som bruker skjønnlitterære sjangertrekk og verkemiddel til å beskrive verkelege hendingar og menneske. Eit tidleg døme på dette var romanen Bokhandleren i Kabul. Et familiedrama. Der skriv Åsne Seierstad om møtet sitt med ein afghansk familie som ho budde saman med i 2001. Seierstad meinte at ho i boka si beskreiv røyndomen, men spørsmålet om dette var ein roman med innslag av fiksjon, var ikkje avklart med den afghanske familien (Tønnesson, 2006).

Det førte til ein diskusjon du kan lese meir om i artikkelen nedanfor. Det kan òg vere lurt å lese forordet til Bokhandleren i Kabul i Dagbladet: Er suksessboka hennes sakprosa?

Diskusjonen om grensene mellom sakprosa og skjønnlitteratur går framleis føre seg. Les meir om dette i den relaterte artikkelen om narrativ sakprosa frå norskfaget:

Relatert innhald

I ei tid der romanane handlar om verkelegheita og sakprosatekstane liknar meir på romanar, kan vi ha bruk for omgrepet narrativ sakprosa.

Skrifttypar

Forskjellige vegskilt. Foto.

Ein skriftleg tekst er ein tekst der skrift er den dominerande uttrykksforma. Samtidig inneheld mange skriftlege tekstar bilete, fargar og ulike skrifttypar som bidreg til ulik meining. Store, tjukke og raude bokstavar kan uttrykkje ei anna meining enn tynn, svart skrift i mindre storleik.

Skrifttype eller font, storleik på bokstavar og feit eller kursiv er nokre modi å velje mellom når du skal lage ein skriftleg tekst. Val av skrifttype vil til dømes ha betyding for kva stil avsendaren ønskjer at den skriftlege teksten skal ha. Du kan lese meir om skrifttypar her:

Tenk over / diskuter:

Korleis kan bruk av ulike fontar endre bodskapen i ein tekst? Korleis ville du reagert på eit formelt brev som brukte skrifttypen Comic sans?


Kjelde

Tønnesson, J. (2006). Alle tekster er sammensatte. Norsklæraren, 4, s. 9–15.

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes, Torgrim Gram Økland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?