Kva uttrykksformer passar best til føremålet?
Denne oppgåva passar best å gjere etter du har gått gjennom fagartikkelen Tekst, samanheng og formål (ndla.no), og fagartiklane om munnlege (ndla.no), skriftlege (ndla.no) og samansette tekstar (ndla.no). Der lærer du meir om kva funksjonar dei ulike modalitetane eller uttrykksformene kan ha.
I lista under ser du ulike kommunikasjonsoppdrag. Diskuter for kvart punkt:
Kva meiner de er den beste måten å løyse oppdraget på?
Blir bodskapen formidla best munnleg, skriftleg eller som ein samansett tekst?
Kva for nokre ulike modalitetar og uttrykksformer eignar seg best til oppdraget?
Diskuter løysingar på desse kommunikasjonsoppdraga
lage ein instruks om korleis ein vaskar hendene for å unngå smitte
fortelje ein tilsett at hen har fått forfremjinga hen har ønskt seg
inspirere medlemmene i ein naturvernorganisasjon til å halde fram med å engasjere seg i organisasjonen
informere foreldra til ein 10.-klasse om ein klassetur, med info om kva som skal skje på turen, og kva elevane treng å ta med seg
Presenter korleis de ville løyst dei ulike oppdraga, for dei andre i klassen, og diskuter styrkar og svakheiter ved dei ulike løysingsforslaga når alle gruppene har presentert løysingane sine.