Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstkulturar

Ein tekstkultur er ein fellesskap som samhandlar gjennom tekstar ut frå felles idear om korleis tekstar skal vere.
Eit eple balanserer på ein stabel med bøker. I bakgrunnen skimtar vi ei grøn tavle der det med kvitt krit er skrive e = mc2. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då du begynte på skulen som 6-åring, kjende du til sjangrar som eventyr, forteljing, song, rim og regle, sjølv om sjølve omgrepet "sjanger" var ukjent for deg. som artikkel, kåseri, rapport og essay hadde du ikkje høyrt om som 6-åring, men dette er nok kjende teksttypar for deg no, etter mange år i skulesystemet.

Førebuing til studium og arbeidsliv

I løpet av alle åra du har gått på skulen, har du sakte, men sikkert vorte innført i skulen sin tekstkultur. Det er ikkje eit tilfeldig utval tekstar du har måtta lære om. Det er tekstar som høyrer til tekstkulturar, og som skal førebu deg på vidare studie- og yrkesliv. Når du lærer å skrive rapportar i naturfag, blir du innført i tekstkulturen frå naturvitskapen. Når du lærer å skrive artiklar og essay i norsk, blir du innført i sjangrar du kjem til å møte på både som student og i arbeidslivet.

Slik blir vi som lesande og skrivande menneske ein del av ein stor tekstfellesskap. Det å ha god lese- og skrivekompetanse betyr at du meistrar å skape bestemde typar tekstar til bestemde situasjonar. Du kjenner til tekstnormer og sjangrar, og du veit korleis du forheld deg til ulike tekstkulturar i det norske samfunnet.

Tenk over / diskuter

Vil du seie at ungdommar i dag har sin eigen tekstkultur? Kva slags normer, sjangrar og teksttypar består han i så fall av?

Eit mem med ein sandstrand som visuelt element. Toppteksten lyder «How to get a beach body», og botnteksten  lyder «1. Have a body. 2. Go to the beach». Bilete med tekst.

Tekstkulturar speglar samfunnet

Professor i sakprosa Johan Tønnesson skriv at ein tekstkultur er

en gruppe mennesker som samhandler gjennom tekster ut fra et noenlunde felles normsystem

(Tønnesson, 2008)

Ein tekst må altså sjåast i samanheng med konteksten han inngår i, men også tekstkulturen han er skriven i. Tekstkulturen er med på å leggje visse føringar for teksten.

Vi kan seie at ein tekstkultur er det sosiale livet ein tekst inngår i. Ein tekst lever sitt sosiale liv i samspel med andre tekstar, og ein tekst blir til i møte med andre tekstar. Omgrepet tekstkultur er altså ikkje statisk.

Døme på ulike tekstkulturar

I samfunnet er det ei rekkje kulturar der tekstar er viktige. Som døme kan vi nemne kyrkja, kommunen, staten, det internasjonale samfunnet, medisinen, politikken, kunsten og vitskapen. Overalt der det finst ein kultur der deltakarane skaper tekst, vil det oppstå ein tekstkultur.

Foreiningar og organisasjonar har sin tekstkultur. Dersom du sit i styret i ei foreining, til dømes ei politisk ungdomsgruppe, turistforeininga eller handballklubben, vil du ha kjennskap til tekstkulturen som styrer denne foreininga. Det kan vere møteinnkallingar, vitringar, rekneskapar, budsjett og årsmøte. Foreininga må produsere ulike sakprosatekstar for kommunen, fylket og nasjonen (Tønnesson, 2008).

Tekstnormer i digitale medium

Som brukarar av digitale medium har vi etablert eigne tekstnormer som i dag dannar grunnlaget for nye tekstsjangrar og ein eigen tekstkultur. Dataspel som tekstkultur har sine eigne sjangrar og normer, og ein heilt eigen .

Tekstkulturen på sosiale medium er kjenneteikna av at han er personleg og ekspressiv i forma. Innlegg blir publiserte i omvendt kronologisk rekkjefølgje, slik at det nyaste innlegget er plassert først, og eit innlegg kan innehalde skrift, emojiar, lenkjer, bilete, grafikk og interaktive element som avrøystingar, emneknaggar og videoar.

Tekstkulturen på sosiale medium er òg prega av tovegskommunikasjon. Vi er i dialog med lesarar som kan kommentere innlegga, og det ligg òg ei forventning om at vi svarer dei. Etter kvart har det òg kome krav til å merkje innlegg med innhald som er betalt av sponsorar og annonsørar.

Tenk over / diskuter

Kan du kome på andre normer eller trekk ved tekstkulturen på sosiale medium, som du forheld deg til når du les eller produserer slike tekstar?

Kjelde

Tønnesson, Johan L.(2008). Hva er sakprosa? Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes, Torgrim Gram Økland og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?