Hopp til innhald

Fagstoff

Sjanger

Du møter sjangrar heile tida. Når du opplever ei bok, ein film, ein TV-serie eller musikk, er sjangeren med på å gi deg ein peikepinn på korleis du kan forstå innhaldet i teksten.
Bøker i hyller i bokhandel og skilt med påskrifta biografiar, dokumentar og skjønnlitteratur med pilar som viser kvar bøkene står. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein sjanger er ei norm eller eit sett med retningslinjer for korleis ein bestemd tekst skal utformast og til ei viss grad kva ho skal innehalde. Sjanger er altså noko vi som avsendarar må tenkje over når vi skal lage ein ny tekst.

Ein annan viktig funksjon ei sjangernorm har, er å gi mottakaren eit hint om korleis teksten skal lesast. Derfor kan sjanger vere ein viktig del av konteksten som hjelper oss å forstå ein tekst. Når vi les noko som eit dikt, les vi med andre auge enn når vi les noko som ei bruksrettleiing – vi leitar etter ulike typar bodskapar, alt etter kva sjanger det er snakk om.

Tenk over / diskuter

Korleis les du denne setninga frå ei bruksrettleiing om vi endrar sjangeren til lyrikk?

"Ein skarp kniv er ei nyting å jobbe med."

Verkeleg eller oppdikta?

Sjangrane kan òg seie noko om kva røyndom vi skal stille oss inn på når vi ser på innhaldet i ein tekst:

  • ein oppdikta røyndom som i romanar og filmar
  • ein røyndom vi må konstruere sjølv som i lyriske tekstar
  • ein objektiv røyndom som i nyheitssendingar
  • ein subjektiv røyndom som i eit essay
Ordsky forma som ei jordklode, med fake news framheva i raudt i midten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi les ein tekst, stiller vi oss som regel automatisk inn på eit røyndomssyn, og vi les teksten ut frå dette. Då må vi òg vere klar over at sjangrane kan misbrukast eller brukast til å forføre eller lure oss. Dei kan få oss til å tru at den røyndomen vi får servert, er noko anna enn det han kanskje er.

Dette gjeld ikkje minst tekstar som gir seg ut for å vere nyheitsartiklar. Forma og innhaldet kan leie oss til å tru at artikkelen har ein seriøs utgivar og eit objektivt innhald. Formålet med slike tekstar kan vere å påverke lesaren politisk eller få lesaren til å kjøpe produkt.

Tenk over / diskuter

Kva ser du etter i ei nyheitssak på nett for å vurdere om det er falske eller seriøse nyheiter?

Hovudsjangrane skjønnlitteratur og sakprosa

Innanfor skjønnlitteraturen er det vanleg å skilje mellom dei tre storsjangrane epikk (prosatekst med ein forteljar), lyrikk (tekst skrive på vers) og dramatikk (tekst meint for framføring som til dømes skodespel). Desse har igjen fleire undersjangrar som kvar har kjennemerka sine. Fellestrekket for alle sjangrane i skjønnlitteraturen er at innhaldet er oppdikta, vi forventar ikkje at ein skjønnlitterær tekst skal stille seg til røyndomen på same måte som ei bruksrettleiing.

Også i sakprosaen kan vi gjere inndelingar i ulike sjangrar, alt etter kva som kjenneteiknar teksten. Artikkelen, rapporten og essayet som du ofte skriv i skulesamanheng, er døme på dette. Dei har kvar sine typiske trekk som vi bør kjenne til når vi skriv, og som også lesaren av tekstane forventar skal vere på plass. Fellestrekket for alle sjangrane i sakprosaen er at innhaldet tek for seg sak, og lesaren skal kunne forvente at det som står der, skal vere sant.

Tenk over / diskuter:

Korleis påverkar det tolkinga di om du får vite at ein spelefilm eller ein roman er basert på ei sann historie?

Kvifor forventar lesaren av sakprosa at det som står der, skal vere sant?

Også ulike sjangrar i andre teksttypar

Både film, musikk, talekunst og biletkunst opererer med ulike sjangrar med eigne normsett.

I tillegg til sjangrar innanfor litteratur, sakprosa, film og så vidare, kan vi òg snakke om sjangrar i klede. Slike fenomen kan og vere bygde opp av mindre element, som stoff, snitt og fargar, som er sette saman etter faste reglar og som på mange måtar òg kan formidle ein bodskap.

Bunaden er til dømes bygd opp på faste mønster. Det same kan òg gjelde plagg vi bruker til høgtidelege seremoniar som til dømes bryllaup, dåp eller gravferd. Også innanfor ulike yrkesgrupper finn vi døme på faste kleskodar.

Sjangerblanding

Ikkje alle tekstar vi møter er lette å plassere i ein sjanger. Ofte kan vi ha problem med å slå fast om det er ein dokumentarfilm eller ein spelefilm, ein roman eller ein biografi, eit fotografi eller eit måleri, fordi sjangertrekk blir blanda. Blandingsprodukt finn vi i alle teksttypar.

Jente i bunad med grøn vest og søljer, som er tungt sminka og har piercing i leppe, nase og øyre. Foto i fugleperspektiv.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om vi som mottakarar ofte forventar at tekstnormene blir følgde, kan det òg vere ekstra spennande å lese tekstar som bryt opp med det vi er vande med, såkalla sjangerblandingar.

Sjangerbrot

Nokre gonger kan avstanden mellom tekst og forventningane mottakaren har til teksten, bli så store at vi snakkar om eit sjangerbrot. Eit slikt sjangerbrot kan føre til misforståingar og sterke reaksjonar hos mottakarane. Dei kjenner kanskje at spelereglane for kva dei kan forvente av ein tekst i denne sjangeren, har vorte sett til side, slik at kontrakten mellom avsendar og mottakar har vorte broten. Det er derfor viktig at avsendaren veit kva situasjonar som krev ein tydeleg sjanger.

Nyheitssaka frå Aftenposten om at Sommarøy i Lofoten hadde slutta med klokker, gjekk verda rundt, men viste seg å vere oppdikta som ein del av ein kampanje for å lokke til seg turistar. Mange reagerte på dette brotet med forventningane om at ei nyheitssak skal vere sann, og dei som stod bak, fekk beskjed om at dette ikkje var greitt.

Sjangerbrot kan utfordre og fornye

Sjangerbrot kan vi òg finne i klede. Eit bunadskledt menneske med hijab og joggeskor uttrykkjer noko gjennom måten hen er kledd på. Dette sjangerbrotet gjer noko med den bodskapen om geografisk tilhøyrsle, slekt og tradisjon som vi kan tenkje oss at bunader er uttrykk for.

Sjølve opplevinga av sjangerbrot vere eit mål i seg sjølv, fordi slike brot kan vere med på å fornye og utfordre tradisjonar og framsyningar som vi tek for gitt.

Tenk over / diskuter

Kan du kome på døme på tekstar som blandar eller bryt med sjangrar?

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes, Torgrim Gram Økland og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?