Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tekstkulturar

Sjå på døme på tekstar i same sjanger frå ulike tider, og oppdag korleis ulike tekstkulturar påverkar utforminga av tekstar.

I denne oppgåva skal du sjå på ulike tekstar i same sjanger frå fortid og notid, og sjå om du får auge på ulike tekstkonvensjonar i tekstkulturane desse tekstane oppstod i.

Kva slags likskapar og forskjellar finn du i dei ulike tekstane du samanliknar?

Bruk desse punkta som utgangspunkt for samanlikningane:

  • Korleis vil du beskrive språket?

  • Kva modalitetar eller tekstelement dominerer?

  • Kva slags verdiar og kva slags syn på temaa tekstane beskriv, ligg implisitt i tekstane?

  • Kva er dei største endringane i måten tekstane er utforma på?

  • Kva trur du er årsaker til endringane?

Reklame:

Nasjonalbiblioteket: «Breck shampo-reklame» (1958)
YouTube: «NEW COLORISTA Washouts | L'Oréal Paris | TV Advert» (2017)

Politisk debatt:

NRK: «Behandling av narkomane» (1966)
NRK: «Debatten: Vil fjerne straff for narkomane» (2021)

Skulen:

Norskboka di
Nasjonalbiblioteket: «Lærebok i norsk for folkeskolen : 7. klasse» (1939)

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Kva er ein tekst?