Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omsorg for personar med demens

Meir enn 100 000 menneske i Noreg lever med demens i dag, og det er forventa at talet vil doblast dei neste 30 åra. Personar med demens vil derfor utgjere ei betydeleg brukargruppe innan helse- og omsorgstenestene i framtida.
Ein ung gutt, ei gammal dame og ein tredje person speler kort ved eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Kvifor er det ein fordel for ein pasient med demenssjukdom å ha eit avgrensa tal på personar å ta omsyn til?

  2. Korleis kan vi bidra til å gjere brukarar med demens trygge når vi hjelper dei med personleg hygiene?

  3. Kva kan vi som helsefagarbeidarar gjere for at personar med demens skal oppleve livsglede og sjølvrespekt?

  4. Kva kan vere årsaka til at ein pasient med demens kan bli aggressiv under stell?

  5. Nokre menneske med demens har problem med å orientere seg. Gi døme på tiltak for å hjelpe pasientane med dette på praksisstaden din.

  6. Gi døme på aktivitetar som kan verke roande på menneske med demenssjukdom.

  7. Kvifor bør vi unngå at tv eller radio står høgt på i rom der menneske med demenssjukdom oppheld seg?

  8. Kva betyr ordet reminisens? Korleis kan ein nytte reminisens?

  9. Forklar kvifor fysisk aktivitet er bra for menneske med demens.

  10. Kva energibehov har menneske med demenssjukdom?

  11. Nokre menneske med demens gløymer å ete og drikke eller opplever ikkje lenger svolt- og mettekjensle. Kva kan det føre til?

  12. Gi døme på kva omsyn det er viktig å ta når vi kommuniserer med menneske med demens. Grunngi døma dine.

  13. Etter kvart som den demente blir sterkare prega av sjukdommen, vil han eller ho ha behov for bistand til til dømes å forvalte økonomien sin. Mange får utnemnt ei hjelpeverje. Kva er ei hjelpeverje, og korleis blir ei hjelpeverje utnemnt?

Gruppeoppgåve

  1. Utforsk aktivitets- og støttetilbodet som finst for personar med demens og deira pårørande i kommunen der de bur. Lag ei oversikt over dei ulike tilboda, både offentlege og frivillige.

  2. Bruk internett eller oppsøk ein av stadene viss det er mogleg, for å innhente informasjon til ein digital presentasjon de skal vise i klassen. Presentasjonen bør innehalde informasjon om

    • kva tenester som blir tilbodne, og for kven

    • korleis ein får tilgang på tenestene

    • kor mange som nyttar seg av tilbodet, og samansetjinga med tanke på alder og kjønn

    • kva yrkesgrupper som jobbar der

  3. Grunngi kvifor det er viktig at de som helsefagarbeidarar har god innsikt i det lokale aktivitets- og støttetilbodet som finst for personar med demens og dei pårørande.

Relatert innhald

Sjukeheim er ein institusjon med heildøgns omsorg og pleie for personar som har behov for meir bistand enn det er mogleg å yte i heimen.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2022

Læringsressursar

Demens