Hopp til innhald

Fagstoff

Demenskoret 2: Lov til å fly

Demenskoret er tilbake, og no har talet på kormedlemmar auka til det dobbelte. I sesong 2 blir det gjensyn med nokon av kormedlemmane frå sesong 1, og i tillegg blir vi kjende med nye kormedlemmar.

Utfordringar til deg

  1. Kva positive gevinstar har den første sesongen av Demenskoret hatt for kormedlemmane og dei pårørande?

  2. Kva kan vere årsaker til at ikkje alle kormedlemmane frå sesong 1 er med vidare?

  3. Diskuter i klassen: Kvifor er det viktig å bruke omgrepet "personar med demens" i staden for "demente" både i helsevesenet og elles i samfunnet?

Relatert innhald

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2024

Læringsressursar

Demens