Hopp til innhald

Fagstoff

Demenskoret 1: Ankomst av nerver

I femte episode er koret på Chat Noir for generalprøve ei veke før konserten. Programleiar Ingrid Gjessing Linhave møter òg forskarar ved Akershus Universitetssjukehus som jobbar for å finne ein behandlingsmetode for Alzheimers sjukdom.

Utfordringar til deg

  1. Korleis trur du det er å vere pårørande når demenssjukdommen gradvis endrar personlegdommen til den som er ramma?

  2. Kva trur du Christian meiner når han beskriv demenssjukdommen som eit viskelêr?

  3. Korleis kan helse- og omsorgstenester bli betre tilpassa for menneske med demens og dei pårørande? Diskuter med ein medelev og i klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2024

Læringsressursar

Demens