Demenssjukdom
Det er viktig å understreke at demens er hjernesjukdom og ikkje ein del av den normale aldringsprosessen. Folkehelseinstituttet anslår at om lag 101 000 menneske i Noreg lever med demens i dag, og dei forventar at talet vil doblast fram mot 2050 fordi vi lever lenger, og talet på eldre i befolkninga derfor aukar. Over 80 prosent av bebuarar på sjukeheim har demenssjukdom, og dette er den vanlegaste årsaka til at personar får plass på sjukeheim. Dei fleste menneska som har demens, heile to tredelar av dei, bur heime.
Den viktigaste risikofaktoren for utvikling av demens er høg alder. Over 95 prosent av dei som får diagnosen, er over 65 år. Arvelege faktorar og Downs syndrom er òg sikre risikofaktorar for utvikling av demens. I tillegg er det grunn til å tru at mange av risikofaktorane for hjarte- og karsjukdom og andre livsstilssjukdommar òg gir auka risiko for demenssjukdom.
I eldre år er det vanleg at fleire typar demens opptrer samtidig. Alle formene for demens medfører auka dødelegheit, så personar med demens lever mykje kortare enn resten av befolkninga. Dei vanlegaste formene for demens blir delte inn i tre hovudgrupper.
Degenerative hjernesjukdommar
Degenerative hjernesjukdommar er tilstandar der hjernevevet gradvis blir brote ned og funksjonar blir svekte.
Alzheimers sjukdom er den vanlegaste årsaka til demens (60–70 prosent av tilfella). Sjukdommen kjem av ei rekke forstyrringar i funksjonen til hjernecellene og medfører at hjernecellene etter kvart døyr. Utviklinga av sjukdommen går vanlegvis gradvis.
Frontotemporal demens (frontallapp-demens) utgjer om lag 5–10 prosent av all demens. Frontallapp-demens fører til endringar i åtferd og personlegdom, og forløpet kan vere raskare enn ved Alzheimers sjukdom.
Andre degenerative hjernesjukdommar som kan føre til demens, er Huntingtons sjukdom, Parkinsons sjukdom og demens med Lewy-lekamar (DLL). DLL er knytt til Parkinsons sjukdom og startar gjerne med milde symptom. Etter kvart vil DLL gradvis påverke både kognitiv og fysisk funksjonsevne.
Vaskulær demens
Demenssjukdom som kjem av nedsett sirkulasjon til deler av hjernen, blir kalla vaskulær demens. Vaskulær demens kan komme av aterosklerose (åreforkalking) eller skader etter hjerneslag eller TIA (drypp). Denne forma for demens blir ofte utvikla meir brått og sprangvis enn Alzheimers sjukdom.
Sekundær demens
Dersom demenssjukdommen oppstår som følge av annan sjukdom, som til dømes hjernesvulst, encefalitt (hjernebetennelse), hovudtraume eller kronisk alkoholmisbruk, blir det kalla sekundær demens.
Demens blir ofte delt inn i mild, moderat og alvorleg grad basert på funksjonsnivå. Ved mild grad av demens kan personen som er ramma, klare seg relativt godt i kvardagen med rettleiing og påminningar, mens det ved moderat grad er behov for praktisk bistand til handtering av økonomi, reinhald, matlaging og personleg hygiene. Ved alvorleg grad av demens har den som er ramma av sjukdommen, behov for hjelp og tilsyn heile døgnet.
Symptoma på demens blir delte inn i fire hovudkategoriar:
kognitive symptom: nedsett minne, språkvanskar, svekt forståing og formidlingsevne, redusert orienterings- og innlæringsevne
åtferdsmessige og psykologiske symptom: endringar i åtferd og personlegdom, ukritisk sosial åtferd, depresjon, apati, aggressivitet, angst, uro og vrangførestillingar
motoriske symptom: langsamare rørsler, sviktande koordinasjonsevne og subbande gonge
autonom dysfunksjon: forstyrringar i blære-, tarm- og seksualfunksjon, ustabilt blodtrykk og balanseproblem
Utgreiinga ved mistanke om demenssjukdom er omfattande, og ho inneber både klinisk undersøking, ulike kognitive testar og sjukehistorie som inkluderer opplysningar frå pårørande. Opplysningar frå pårørande om symptom og funksjonsnivå er av avgjerande betydning i utgreiinga.
Alder og gen speler ei vesentleg rolle for utvikling av demens, men det blir anslått at så mykje som 40 prosent av all demens kunne vore unngått ved førebygging. På same måte som ved førebygging av hjarte- og karsjukdommar kan demenssjukdom altså førebyggast ved å vere fysisk og sosialt aktiv, ha eit sunt kosthald, unngå røyking, vere måtehalden med alkohol og ha kontroll på blodtrykket.
Det finst inga behandling som kan stoppe, snu eller bremse forandringane i hjernen ved demenssjukdom. Det finst enkelte legemiddel som kan gi ein moderat effekt hos enkelte pasientar, men denne effekten er beskjeden og tidsavgrensa.
Ulike aktivitetstilbod har vist seg å ha god effekt og gjer det mogleg for personar med demenssjukdom å leve eit godt liv. Det bidreg òg til å lette kvardagen for dei pårørande som i tillegg til å oppleve at dei gradvis mistar sin kjære, ofte får ei tung omsorgsbyrde. Det finst både offentlege og frivillige tilbod for personar med demens og dei pårørande, og som helsefagarbeidar kan du legge til rette for og motivere til deltaking.
Utfordringar til deg
Kvifor er demens ei utfordring for både den enkelte som blir ramma, pårørande, helse- og omsorgstenestene og samfunnet?
Korleis kan livsstilen påverke risikoen for å utvikle demens?
Kva blir meint med at pårørande til ein person med demens gradvis mistar sin kjære?
Relatert innhald
Diktet "Hva ser du, søster?" kan få oss til å reflektere over kven mennesket vi møter, eigentleg er.
Tilrettelagde aktivitetar som stimulerer sansane, er viktige tiltak innan omsorga for personar med demens.