Hopp til innhald

Fagstoff

Ung med demens – Still Alice

Alice Howland (Julianne Moore) er 50 år og har familie, vener og jobb. Ho arbeider som professor og underviser studentar. Over ein lengre periode har ho begynt å gløyme ord. Dette går ut over livskvaliteten, og heile livet blir forandra. Ho får diagnosen Alzheimers sjukdom.

Alzheimers sjukdom er ein tilstand av eit gradvis og irreversibelt tap av nerveceller i hjerneborken. Sjukdommen er den vanlegaste årsaka til demens. Som eit resultat av nedbrytinga av nerveceller får ein nedsett minne, svekking av andre kognitive funksjonar og endringar i personlegdomen. Ifølgje tal frå Helsedirektoratet (2022)er det over 100 000 personar i Noreg som har demenssjukdom. Det finst ulike typar, og det er fleire yngre personar som får demens.

Spørsmål til filmen Still Alice

  1. Det finst ulike typar demens. Nemn tre typar og kva som kjenneteiknar dei.

  2. Kva er dei vanlegaste symptoma på demens?

  3. Kva slags symptom ser vi i filmen?

  4. Finst det medisinsk behandling for demens?

  5. Kva meiner vi med at den viktigaste behandlinga er å leggje til rette for eit godt og trygt miljø for personar med demenssjukdom?

  6. Korleis vil du forklare om demens til ein pårørande?

  7. Kva er dei viktigaste prinsippa for kommunikasjon med personar med demens?

  8. Korleis trur du ein opplever det å få ein slik diagnose i så ung alder?

  9. Korleis reagerte familien til Alice?

  10. Kva følgjer fekk sjukdommen hennar for livssituasjonen til resten av familien?

  11. Alice seier i filmen at ho skulle ønskje ho heller hadde fått kreft. Reflekter rundt denne utsegna, gjerne saman med andre.

  12. Alice laga ein video til seg sjølv. Kva var føremålet? Reflekter over kva tankar ho hadde rundt dette.

Spørsmåla er eit bidrag frå ein pilotklasse ved Tvedestrand og Åmli videregående skole, 2 HFA 16/17.

CC BY-SASkrive av Inger Brit Thorbjørnsen .
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Demens