Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukepleie ved demens

For å kunne yte god sjukepleie til ein pasient som har ein demenssjukdom, er det viktig å kjenne identiteten til pasienten. Det å vite korleis personen levde tidlegare, og korleis kvardagen var, vil auke forståinga for veremåten til pasienten, særeigenheiter, ønske og behov.
Pleiar og eldre bebuar på ein institusjon sit ved sida av kvarandre i ein sofa og ser på eit fotoalbum saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein person med demens bør ha få menneske å ta omsyn til fordi evna til å kjenne igjen nokon best kan haldast ved like dersom det er eit avgrensa tal personar.

Det første møtet med ein dement pasient skjer som regel i heimen til pasienten når det oppstår behov for bistand frå heimetenesta. Etter kvart som sjukdommen utviklar seg, blir det ofte behov for døgnkontinuerleg tilsyn, og då kan det sendast søknad om opphald i skjerma eining på sjukeheim eller i bukollektiv for demente.

Personleg hygiene

For å gi den demente moglegheiter for attkjenning og tryggleik bør ein utføre dei same gjeremåla til same tid kvar dag. Dette vil òg bidra til å halde ved like ferdigheitene til pasienten. Pasienten vil oppleve meistring, noko som styrker sjølvkjensla og identitetskjensla.

Aktivitet og stimuli kan auke livsgleda og sjølvrespekten. Derfor er det viktig at du legg til rette for at den du skal hjelpe, kan utføre eigenomsorg så lenge som mogleg. Det er svært viktig å bruke god tid og å respektere ønska og behova til brukaren.

Personar med demens kan bli aggressive dersom dei ikkje kjenner seg respekterte, eller viss dei ikkje forstår kva som skjer. Ved stell er det formålstenleg å ikkje prate om anna enn det som skal skje under stellet. Pasienten kan ha vanskar med å konsentrere seg om to ting samtidig, som til dømes både å stelle seg og å kommunisere.

Det kan vere formålstenleg å bruke handleiing i staden for verbal kommunikasjon for å rettleie undervegs. Brukaren må få stelle seg og kle seg slik han eller ho er vand til, og hjelpetilbodet må tilpassast behova til den enkelte.

Aktivitet og kvile

Fellesskap og aktivitet er truleg den beste terapien for ein pasient med demens. Det sosiale livet må haldast oppe fordi det aukar sjølvrespekten og gir ei stadfesting på kven personen er og har vore tidlegare. For at pasienten skal kunne vere aktiv og sosial, må vi setje inn tiltak for å betre orienteringsevna og redusere forvirring.

Gjennom samarbeid med pårørande er det viktig å innreie rommet på institusjonar med bilete, gjenstandar og møblar som er kjende frå heimemiljøet. Døra bør merkast tydeleg med stor skrift, det same gjeld døra inn til toalettet. Andre tiltak for å betre orienteringsevna er klokker med store tal, hugsekalendrar og å lage eit innemiljø som samsvarer med årstida. Ein ergoterapeut kan hjelpe til med å tilpasse hjelpemiddel og miljø.

Personar med demenssjukdom må stimulerast, men det er viktig å ikkje overstimulere fordi det kan føre til rastløyse, vandring og uro. Ein viktig del av jobben til menneske som jobbar med demente, er derfor å formidle ro. Å sjå at andre sit roleg og småpuslar, kan verke trygt og roande på ein som ikkje klarer å forstå kva som skjer her og no. Aktivitetar som verkar roande og stimulerande, kan vere song og musikk, høgtlesing av dagens avis, kaffiselskap, handarbeid eller ballkasting med mjuk ball. Mange uttrykker at musikk, bøker, teikning og kontakt med kjæledyr gjer sterkare inntrykk og gir større glede etter at dei vart ramma av demens.

Praktiske ferdigheiter må haldast ved like lengst mogleg. Ferdigheiter kan vere husarbeid, handarbeid eller det pasienten utførte i tidlegare yrke eller i hobbyar. Minne kan sitje i kroppen – til dømes kan dans sitje lenge i beina, og viss ein dement har spelt gitar, kan teknikken framleis sitje i fingrane.

For å halde oppe ferdigheitene og funksjonane til pasienten blir reminisens brukt. Det vil seie at dei som omgåst den demente, trekker fram historier, erfaringar, gjenstandar, plantar og musikk som pasienten kjenner godt frå før. Dette blir til dømes gjort med sansehage eller rom som er møblerte som på 1930- til 1970-talet, eller uteområde med kjende gjenstandar frå tidlegare tider.

Fysisk aktivitet er bra fordi det hjelper på balansen, betrar sirkulasjonen i hjernen, reduserer rastløyse og gir mosjon. Ein kan ta med personar med demens på turar og utandørs aktivitetar, men det er viktig å ikkje legge opp til situasjonar som kan bli skremmande eller uforståelege. Nedsett koordineringsevne kan føre til ustøleik ved mobilisering. Ein rullator å støtte seg til kan derfor betre balansen og auke moglegheitene for fysisk aktivitet.

Ernæring

Måltida bør gå føre seg i ein roleg atmosfære, og vi må setje av god tid. Aktivitetsnivået til pasienten avgjer kor stort energibehov den enkelte har. Ein del menneske med demens er svært rolege, mens andre vandrar nesten ustoppeleg og treng derfor auka inntak av energirike matvarer. For at det skal vere enklare å velje under måltid, bør kvar matrett eller kvar påleggssort vere laga til på eit eige serveringsfat. Bordet må ikkje overlessast.

Menneske med demens kan gløyme å ete og drikke, og nokon mistar òg svolt- og mettekjensla. Det er derfor viktig at personalet ser til at pasienten får dekt behovet for ernæring. For å sikre at pasienten får i seg nok næring, blir det tilrådd å vege pasienten og kartlegge ernæringsstatus jamleg.

Demens kan føre til at enkelte ikkje klarer å ete med bestikk. Nokon har gløymt korleis dei skal bruke bestikket, og andre kan ha så dårleg finmotorikk at dei ikkje klarer å bruke etereiskapane. For å hjelpe ved slike problem kan vi servere mat som ikkje krev at ein bruker bestikk, eller pasienten kan få tilpassa bestikk som er større og tyngre.

Eliminasjon

Menneske med demens kan etter kvart få problem med å kontrollere eliminasjonen. Det er viktig å avklare om problema kjem av nedsett orienteringsevne eller av andre årsaker. Det å ha faste rutinar og at vi følger personen til toalettet omgåande når vi ser teikn til uro, kan bidra til at pasienten beheld ein viss kontroll over eliminasjonen.

Dersom brukaren blir inkontinent, er det viktig å finne fram til inkontinensutstyr som passar til kvar enkelt pasient. God hudpleie er ein føresetnad ved inkontinens. Problem knytte til ernæring og redusert aktivitet kan medføre at den demente blir obstipert eller får urinvegsinfeksjon. Gode førebyggande tiltak kan forhindre slike problem.

Mannleg helsefagarbeidar hjelper kvinneleg pasient med morgonstellet ved å rekke ho ein ansiktskrem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon

Gjennom pårørande kan pleiepersonalet kartlegge kva pasienten vanlegvis liker å bli kalla. Har pasienten til dømes eit kallenamn, eller liker han eller ho å bli titulert med etternamnet? Den demente hugsar kanskje ikkje kva pleiepersonalet heiter, så det er viktig å presentere seg ofte.

Eit av dei vanlegaste problema mange med demens opplever, er vanskar med å finne ord og problem med å oppfatte kva andre seier. Derfor er det viktig å vere roleg og gi tid til samtalen. Språket bør vere lett, og samtalen bør gå føre seg i ein roleg atmosfære utan for mykje bakgrunnsstøy.

  • Det viktig å unngå spørsmål som "Hugsar du då …?" fordi det er vondt for den demente å bli mint på at ein ikkje hugsar noko sjølvsagt.

  • Spørsmål bør heller ikkje byrje med "Kvifor …?" eller "Korleis …?" Ved slike spørsmål må du tenke logisk for å svare, noko ein person med demens sjeldan meistrar.

  • Unngå å spørje om to ting samtidig, for den demente klarer ikkje å velje mellom fleire alternativ.

  • Viss det er nødvendig å repetere noko du har sagt tidlegare, er det viktig å bruke nøyaktig dei same orda.

  • Personar med demens er vare for sinnsstemningane og kroppsspråket til andre. Du må derfor vere klar over kroppsspråket ditt og ikkje dobbeltkommunisere. Det er viktig å vise eit vennleg ansikt, eit varmt smil og å bruke ei vennleg stemme.

  • Dersom den demente får afasi, er det avgjerande for kommunikasjonen at pleiepersonalet har lært seg å lese og forstå kroppsspråket til den demente. Når det gjeld berøring og fysisk kontakt, er det ikkje alle pasientar som liker det, heller ikkje alle demente.

Mentale forandringar

Sjølv om funksjonane til hjernen blir svekte, held dei som er ramma av demens, fram med å føle. Evna til å bli glad, sint, trist eller redd blir ikkje borte, men dei veit ofte ikkje kvifor dei kjenslene kjem. Det er viktig at du som helsefagarbeidar prøver å forstå den demente. Pasientar med demens kan gjere merkelege ting, men det er ofte ei underliggande meining bak det dei gjer.

Ein pasient med demens kan bli aggressiv dersom sjølvbiletet og identiteten blir trua. Nokre demente slår og sparkar. Det er viktig at pleiepersonalet vurderer situasjonen og prøver å finne årsaka til aggressiviteten. Svært få menneske slår eller sparkar utan noka underliggande årsak. Personar med demens kan oppfatte andre menneske som provoserande fordi dei ikkje forstår åtferda deira. Då er det lett å bli utrygg, mistenksam og aggressiv. Det er lett å forstå at den demente reagerer når ein person som opplevast som framand, kjem bort, trekker dei i armen og fortel at "no skal du skifte bleie".

Demens rammar heile familien. Det er derfor nødvendig at dei pårørande får god informasjon om sjukdommen, og at dei blir tilbodne avlasting og støtte.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å kjenne identiteten og historia for å kunne gi god sjukepleie til pasientar med demens?

  2. Kva kunnskapar og personlege eigenskapar trur du er viktige for å jobbe med personar med demens?

  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar støtte personar med demens og dei pårørande deira? Diskuter med ein medelev.

Relatert innhald

Tilrettelagde aktivitetar som stimulerer sansane, er viktige tiltak innan omsorga for personar med demens.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Demens