Hopp til innhald

Fagstoff

Demenskoret 2: Ingen er helt perfekt

I denne episoden øver Demenskoret med barnekoret ved Den Norske Opera & Ballett, og møtet på tvers av generasjonar blir ei stor oppleving. Jan Runar og Marion møter helseministeren, og Ragnar er på trening med Gåfotball for personer med demens.

Utfordringar til deg

  1. Kva døme ser du på at humor kan bidra til opplevinga av kvardagsmeistring?

  2. Kva element frå korsong, gåfotball og andre aktivitetar gjer kvardagen betre for personar med demens?

  3. Ingrids dotter, Trine, fortel om fleire negative opplevingar då mor hennar vart overflytt frå sjukehus til helsehus. Diskuter med ein medelev:

    1. Kva tenker de om forteljinga til Trine med tanke på fagleg forsvarlegheit og omsorgsfull helsehjelp?

    2. Korleis kan de som skal jobbe i helsetenesta, skape føreseielegheit for personar med demens og dei pårørande?

Relatert innhald

Heile behandlingsforløpet skal opplevast som ei samanhengande teneste sjølv om ein pasient eller brukar er innom ulike delar av helsetenesta.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2024

Læringsressursar

Demens