Heilskapleg pasientforløp - Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Heilskapleg pasientforløp

Heilskapleg pasientforløp handlar om at heile behandlingsforløpet skal opplevast som ei samanhengande teneste sjølv om ein pasient eller brukar er innom ulike delar av helsetenesta. Tverrfagleg samarbeid er sentralt for å oppnå eit godt heilskapleg pasientforløp.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. I denne filmen snakkar Cecilie Fromholt Olsen om at det er viktig at overgangane mellom ulike delar av helsetilbodet er så saumlause som mogleg, og at pasienten opplever kontinuitet. Kva inneber det?

  2. Kvifor er det viktig med brukarmedverknad for å sikre eit godt heilskapleg pasientforløp?

  3. Kvifor er det viktig at kunnskapen din som helsefagarbeidar får status i det tverrfaglege samarbeidet? Diskuter i klassen.


Relatert innhald

Fagstoff
Brukarmedverknad

Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.

Fagstoff
Rapport og dokumentasjon

Gode rapportar er viktig for pasienttryggleiken og for å yte best mogleg pleie. Å rapportere betyr å formidle naudsynt informasjon til dei som treng han.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2022