God helseservice på sjukehus
Film om god helseservice på sjukehus (6:56)
Forslag til gjennomføring av oppgåvene
Etter at du har sett filmen om god helseservice på sjukehus, kan du jobbe med oppgåvene til kvart tema. Bruk eit A4-ark for kvart tema, og noter stikkord til dei ulike spørsmåla.
Etter at alle individuelt har notert stikkord til kvart tema, kan de ta med notatarka dykkar og gå saman i grupper på 3–5 elevar. Reflekter og diskuter saman, og lag eit felles dokument med stikkord frå alle i gruppa.
Til slutt kan de ta med notatarka frå gruppa og reflektere saman i klassen over dei ulike temaa.
Kommunikasjon og profesjonalitet
Korleis viser yrkesutøvarane i filmen at dei er profesjonelle og har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter?
Kva døme ser du i filmen på at fagpersonane
informerer
rettleiar
gir råd
Kva er samanhengen mellom profesjonell kommunikasjon og god helseservice?
Universell utforming
I filmen ser vi nokre utfordringar i det fysiske miljøet som kan vere eit hinder for personar med funksjonsnedsetjing. Nemn nokre av desse.
Kva tiltak kan ein gjere for å betre den universelle utforminga slik at helsetenester er tilgjengelege for alle, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel?
Drøft korleis utforminga av det fysiske miljøet kan påverke opplevinga av velvære med tanke på tryggleik, verdigheit og moglegheit til å klare seg sjølv.
Korleis heng universell utforming saman med god helseservice?
Fagkompetanse og oppgåvedeling
Oppgåvedeling i helsevesenet betyr at arbeidsoppgåver som tidlegare var reserverte for ei yrkesgruppe, kan bli utførte av andre så lenge dei har fått opplæring og har tydelege rammer for kva dei kan utføre. I filmen ser vi at beintettleiksmåling, som tidlegare var ei oppgåve for sjukepleiarar, no blir utført av ein helsesekretær.
Kva for nokre andre døme på oppgåvedeling i helsetenesta kjenner du til?
Korleis kan oppgåvedeling gjere arbeidet som helseservicearbeidar meir variert og utfordrande?
I filmen snakkar sjukepleiaren om avgrensingar for kva helsesekretæren kan gjere i samband med undersøkinga, og apotekteknikaren snakkar om forskjellen på å kjøpe legemiddel i ein daglegvarebutikk og på eit apotek.
Korleis kan kompetansen din som fagarbeidar sikre fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp?
Kvifor er det viktig at du er klar over kvar grensene for fagkompetansen din går, og at du ikkje tek på deg oppgåver du ikkje er kompetent til?
Tverrfagleg samarbeid og heilskapleg pasientforløp
Korleis samarbeider dei ulike yrkesgruppene i filmen?
Korleis kan tverrfagleg samarbeid bidra til meir heilskaplege helsetenester og betre helseservice for kundar, pasientar og brukarar?
Korleis kan tverrfagleg samarbeid sikre kvalitet og fagleg forsvarlegheit i helsetenestene?
Relatert innhald
Tverrfagleg samarbeid der ulike faggrupper bidreg med kompetanse i tett dialog med brukar og pårørande, er nødvendig for å skape eit heilskapleg tilbod.
Heile behandlingsforløpet skal opplevast som ei samanhengande teneste sjølv om ein pasient eller brukar er innom ulike delar av helsetenesta.