Film og filmklipp
Demenskoret 2: Helt konge
I denne episoden kjem kong Harald og dronning Sonja på korøving, og Jan Runar overraskar Marion på bryllaupsdagen. Nokon av kormedlemmane og dei pårørande møter eit forskarteam som jobbar med å finne nye metodar for å behandle og bremse utviklinga av demens.
Kvifor er det viktig for demenssaka at kongeparet besøker Demenskoret og er engasjerte i saka?
Kva betyr det for kormedlemmane og familiemedlemmane at kongeparet kjem på korøving og et lunsj saman med dei?
Korleis kan kormedlemmane og dei pårørande gi forskarteamet viktige innspel til arbeidet med å finne metodar for førebygging og behandling av demens?