Hopp til innhald

Fagstoff

Å arbeide på sjukeheim

Sjukeheim er ein institusjon med heildøgns omsorg og pleie for personar som på grunn av alder, sjukdom eller skade har behov for meir bistand enn det er mogleg å yte i heimen. I denne episoden av serien Helene sjekker inn får du eit innblikk i korleis det er å bu og arbeide på sjukeheim.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaker til at personar har behov for å flytte inn på sjukeheim?

  2. Kvifor er det ofte ei stor påkjenning å flytte inn på sjukeheim?

  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar gjere overgangen frå heim til sjukeheim så god som mogleg?

  4. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for helsefagarbeidarar på sjukeheim?

  5. Kva for nokre andre yrkesgrupper er det vanleg å samarbeide med når du jobbar på sjukeheim?

  6. Kvifor er det viktig at bebuarane på sjukeheimen får hjelp til å vareta vande rutinar som hårstell og sminke i tillegg til grunnleggande personleg hygiene?

Diskuter

I løpet av ein arbeidsdag på sjukeheimen kan det oppstå fleire etiske dilemma. Diskuter med ein medelev eller i grupper:

  1. Kva for nokre vanlege etiske dilemma kan oppstå i jobben som helsefagarbeidar? Bruk gjerne døme frå eigen praksisstad.

  2. Korleis kan du som helsefagarbeidar handtere desse utfordringane?

  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar bidra til at kvar enkelt bebuar på sjukeheimen kjenner seg verdsett?

Relatert innhald

Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer i jobben din som helsefagarbeidar. Du skal yte helsehjelp som er fagleg, etisk og juridisk forsvarleg.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Bustad- og institusjonstenesta