Hopp til innhald
Film og filmklipp

Akuttpsykiatrisk avdeling

I denne episoden av Helene sjekker inn får vi innblikk i korleis det er å jobbe eller vere pasient på ei avdeling for menneske som treng akutt psykisk helsehjelp.

Utfordringar til deg

  1. Korleis blir den mentale tilstanden din påverka viss du får for lite søvn?

  2. Korleis kan fysisk aktivitet påverke den psykiske helsa di?

  3. Kva kan vere årsaker til at mange pasientar med psykiske lidingar ofte går inn og ut av sjukehus og blir såkalla "gjengangarar" i helsevesenet?

Diskuter med ein medelev og i klassen

  1. Kva likskapar og forskjellar er det mellom å arbeide på ei psykiatrisk avdeling og ei avdeling for somatisk sjukdom?

  2. Kva for nokre personlege eigenskapar er viktige når de som helsefagarbeidarar skal møte brukarar med psykiske lidingar?

  3. Kva meiner de om utsegna i filmen om at tvang er omsorg, i dei tilfella det er nødvendig å bruke det? Lag ei liste med argument for og mot bruk av tvang innan psykisk helsevern.

Relatert innhald

Fagstoff
Psykisk helsevernslova

Psykisk helsevernslova er ei lov som inneheld reglar for undersøking og behandling av personar med psykiske lidingar.

Oppgåver og aktivitetar
Kva er psykisk helsevern?

Psykisk helsevernslova regulerer den delen av tenestetilbodet innan psykisk helse som høyrer til spesialisthelsetenesta.