Hopp til innhald

Fagstoff

På jobb i rusomsorga

I denne episoden av serien Helene sjekker inn får du eit innblikk i korleis det er å bu og jobbe på eit hospits for huslause rusmisbrukarar.

Utfordringar til deg

  1. Kva eigenskapar og haldningar er viktige dersom du skal jobbe med menneske som slit med rusmisbruk?

  2. Korleis kan menneskesynet ditt påverke måten du møter menneske med rusproblem på?

  3. På kva måte kan den daglege romsjekken på hospitset bidra til å vareta verdigheita til bebuarane?

  4. Korleis vil du beskrive møtet mellom bebuaren Sandra og sjukepleiaren Gull?

  5. Korleis vil du beskrive kommunikasjonsferdigheitene til nattevakta Bakir i møte med den mannlege bebuaren som er involvert i valdepisoden?

  6. Kva trur du kan vere motivasjonsfaktorar for dei tilsette i rusomsorga?

  7. Korleis påverka denne dokumentarfilmen synet ditt på menneske med rusproblem?

Helene møter Susanne

I filmen under kan du sjå når Helene møter Susanne, dottera til Sandra som Helene møtte i dokumentarfilmen frå hospitset.

Refleksjon etter filmen

  1. Kva tenker du om at Susanne er takksam fordi mora forlét ho på grunn av rusmisbruk?

  2. Korleis kan du som fagarbeidar støtte barn og andre pårørande av rusmisbrukarar?

Relatert innhald

Som helsefagarbeidar skal du foreslå og setje i verk tiltak for å førebygge psykiske lidingar.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2022

Læringsressursar

Bustad- og institusjonstenesta