Yrkesetikk
I arbeid med menneske vil det oppstå situasjonar der du må ta val utan at nokre av alternativa du må velje mellom, er gode løysingar.
Nokre gonger handlar eit etisk dilemma om val som inneber at det som er bra for ein brukar, kan medføre ulemper for andre brukarar. Det kan òg hende at du må velje mellom lojalitet til kollegaene dine og det du meiner er god omsorg for ein pasient. I andre situasjonar kan prinsippet om brukarmedverknad komme i konflikt med plikta di til å ta vare på liv og helse.
Dei yrkesetiske retningslinjene fortel korleis det blir forventa at du skal opptre som profesjonell helsefagarbeidar. Fagforeiningane for yrkesgruppene innan helse- og omsorgstenestene har utarbeidd yrkesetiske retningslinjer for medlemmene sine. Desse retningslinjene byggjer både på lovverk og etiske prinsipp.
Refleksjon og diskusjon saman med kollegaer er viktig for å lære korleis du skal handle i slike situasjonar, og mange arbeidsstader har sett av faste tider til etisk refleksjon og rettleiing i grupper.
Utfordringar til deg
- Kva tenkjer du om å bruke tid på å sjå i fotoalbum saman med ein brukar viss det fører til noko av det følgjande?
- At du ikkje har nok tid til alle oppgåvene hos neste bruker.
- At kollegaen din må overta nokre av oppgåvene dine.
- Kva gjer du viss ein brukar med samtykkekompetanse bestemmer seg for å slutte å ete?
- Korleis kan yrkesetiske retningslinjer og refleksjon saman med kollegaer hjelpe deg til å ta riktige val i etiske dilemma?
Relatert innhald
Det er utarbeidd etiske retningslinjer for fleire yrke i helse-, sosial- og oppvekstsektoren. Somme gonger blir dei òg kalla yrkesetiske retningslinjer.