Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ernæringsarbeid i bufellesskap

Kostrådet om grønsaker, frukt og bær tilrår fem om dagen, altså minst 500 gram om dagen, og halvparten bør vere grønsaker. Korleis kan du rettleie og motivere brukarar som ikkje ønskjer å ete så mykje frukt og grønt, og samtidig vareta brukarmedverknad? Sjå filmen og svar på oppgåvene.

Oppgåver

  1. Kvifor kan det vere utfordrande å motivere til kosthaldsendringar og samtidig vareta prinsippet om brukarmedverknad?

  2. Finn døme på korleis Lasse varetek brukarmedverknad samtidig som han prøver å motivere Bjørn Terje til å velje magrare matvarer når dei er i butikken.

  3. Forklar omgrepet fem om dagen.

  4. Kva er grunnen til at minst halvparten av dei fem om dagen skal vere grønsaker?

  5. Kva seier tallerkenmodellen om kor stor del av eit måltid som skal vere grønsaker?

  6. Lag ein film eller presentasjon med bilete og lyd som handlar om helsegevinstane ved å ete grønsaker og frukt. Han skal vare mellom tre og fem minutt.

Relatert innhald

Tallerkenmodellen viser korleis ein bør fordele dei ulike matvarene i eit einskild måltid.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid