Hopp til innhald

Fagstoff

Væskebalansen

Menneske kan klare seg fleire veker utan mat, men utan vatn overlever vi berre nokre få døgn. Hos ein vaksen person består kroppen av 60–70 prosent vatn, mens hos spedbarn utgjer 70–80 prosent av kroppsvekta vatn.
Kvinneleg pasient får servert ein kopp drikke i senga av kvinnelig helsefagarbeidar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Væskebehov

Vatn er ein del av stoffskifteprosessen i cellene. Vatn er òg viktig for opptaket av næringsstoff i tarmen og god fordøying, for regulering av temperaturen og for fjerning av avfallsprodukt.

Under normale omstende treng vi 30 ml vatn per kilo kroppsvekt per døgn for å dekke det gjennomsnittlege væskebehovet og halde oppe væskebalansen. For å vurdere det totale væskeinntaket må vi ta med inntaket av både mat og drikke, og det blir derfor tilrådd eit dagleg inntak på 1–1,5 liter drikke i tillegg til det vi får gjennom maten. Desse tilrådingane gjeld ikkje for personar som på grunn av sjukdom har restriksjonar på væskeinntak.

Væsketap

Kroppen mistar vatn når det fordampar gjennom hud og lunger, når vi sveittar, og ved eliminasjon av avføring og urin. Væsketapet aukar ved til dømes feber, oppkast, diaré og brannskadar. Personar med dårleg regulert diabetes eller som står på vassdrivande medikament, har ofte auka væsketap gjennom urinen.

Spedbarn og barn er meir sårbare for væsketap enn vaksne, det same gjeld eldre som ofte har lågare kroppsvekt og redusert tørstekjensle. Viss ein brukar får underskot av væske, blir han eller ho dehydrert. Dette kan mellom anna føre til at personen blir tiltakslaus, forvirra og får tørr og skjelaktig hud og forstopping. Urinmengda blir òg mindre. Væsketap må erstattast, og det er derfor viktig å følge med på væskeinntaket.

Observasjonar

For å sjekke om ein brukar eller pasient er dehydrert, kan vi presse saman ein hudfald til dømes over brystbeinet eller handa. Viss personen er dehydrert, blir hudfalden ståande.

Vi kan òg observere urinmengde og farge på urinen for å sjå om ein brukar drikk nok. Lys urin er teikn på tilstrekkeleg væskeinntak, mens mørk, konsentrert urin kan vere eit teikn på dehydrering. Viss vi mistenker at nokon får i seg for lite væske, fører vi ofte væskerekneskap eller drikkeliste. Nokre gonger er det òg nødvendig å måle urinmengda, altså kor mykje urin som blir skild ut.

Når du skal registrere væskeinntaket, er det viktig å dokumentere kva brukaren faktisk har fått i seg. Dersom du serverer eit glas med 2 dl jus og berre halvparten blir drukken, dokument du at brukaren har drukke 100 ml.

Utfordringar til deg

  1. Korleis merkar du det sjølv dersom du har fått i deg for lite drikke i løpet av ein dag?

  2. Kva trur du kan vere årsaka til at brukarar med nedsett mobilitet ikkje får dekt væskebehovet sitt?

  3. Korleis kan du motivere og leggje til rette for auka væskeinntak for brukarane på praksisstaden din?

  4. Forklar kva som blir meint med "ståande hudfald". Prøv på deg sjølv eller ein medelev.


Kjelde

Hjartåker, A., Pedersen, J. I., Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir, Marit Smith Sørhøy og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid