Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førebygging og behandling av underernæring

Underernæring kan føre til ulike helseproblem og i verste fall auka dødelegheit. Det er derfor avgjerande at du som helsefagarbeidar har kompetanse til å kjenne igjen symptom på underernæring og kan foreslå tiltak som førebygger og behandlar.
Kvinne i seng får servert eple skore i båtar av ein helsefagarbeidar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Kvifor er det viktig å arbeide målretta med ernæringsarbeid i helse- og omsorgstenesta?

  2. Korleis kan religiøse, kulturelle og ideologiske forhold påverke kosthaldet og ernæringsstatusen til ein brukar?

  3. Kva observasjonar av ein brukar kan fortelje deg om ernæringsstatusen til vedkommande?

  4. Korleis kan underliggande sjukdom og legemiddelbruk påverke matlyst og ernæringsstatus?

  5. Kva for nokre andre yrkesgrupper kan du samarbeide med for å førebygge og behandle underernæring?

Gruppeoppgåver

  1. Gjer dykk kjende med "Nasjonale faglige retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring" frå Helsedirektoratet. Kva er kriteria for

    1. ernæringsmessig risiko

    2. moderat underernæring

    3. alvorleg underernæring

  2. Lag ein plakat eller ein brosjyre med konkrete tiltak for førebygging og behandling av underernæring på dei ulike trinna i ernæringstrappa.

Relatert innhald

Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid