Hopp til innhald

Fagstoff

Underernæring

Underernæring har helsemessige konsekvensar for den enkelte, som auka risiko for infeksjonar, redusert fysisk og psykisk helse og auka dødelegheit. I tillegg kjem samfunnsøkonomiske konsekvensar på grunn av lengre liggjetid på sjukehus og auka hjelpebehov.
Ein mann i rullestol får hjelp av ein kvinneleg helsefagarbeidar til å ete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Risikogrupper

Eldre menneske, særleg dei som bur åleine, er ei risikogruppe for underernæring. Mange eldre blir ramma av nedsett appetitt, og det kan derfor vere vanskeleg å få i seg nok av både dei energigivande og dei ikkje-energigivande næringsstoffa. Det er derfor viktig at kosthaldet består av variert og næringstett mat sjølv om ein ikkje treng like store mengder mat og like mykje energi som før.

Tenk over

I tillegg til eldre er personar med demens, psykiske lidingar og/eller rusproblematikk, personar med funksjonshemming og pasientar med kroniske lidingar risikogrupper når det gjeld underernæring.

Kvifor er desse gruppene særleg utsette, trur du?

Fagleg forsvarlegheit

Vi definerer underernæring som "en ernæringssituasjon der mangel på energi, protein og/eller andre næringsstoffer forårsaker en målbar ugunstig effekt på kroppssammensetning og -funksjon, samt klinisk resultat" (Helsedirektoratet, 2013, s. 14).

Oppfølging av ernæringsmessige behov er ein del av den lovfeste plikta for helsepersonell til å yte fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp. Det er viktig at vi avdekkjer ernæringsmessig risiko raskt, slik at vi tidleg kan setje i verk tiltak for å førebyggje og behandle underernæring.

Kartlegging av ernæringsstatus

Underernæring får ofte utvikle seg fordi utviklinga går over tid og derfor ikkje blir avdekt. Det er utarbeidd fleire kartleggingsverktøy for å identifisere pasientar i ernæringsmessig risiko, og dei fleste av desse er baserte på vekt, høgde og vektutvikling over tid. Nokre av verktøya inkluderer òg matinntak, sjukdom og fysisk funksjon.

Ved innlegging i sjukehus skal alle pasientar vurderast for ernæringsmessig risiko, og som hovudregel skal dei følgjast opp vidare kvar veke under innlegginga. For bebuarar i sjukeheim eller andre institusjonar og brukarar av heimetenester skal vi vurdere ernæringsmessig risiko ved oppstart av tenestetilbodet og deretter kvar månad dersom ikkje noko anna er bestemt. For heimebuande eldre og andre risikogrupper er det ansvaret til fastlegen å kartleggje og følgje opp ernæringsmessige utfordringar.

Ernæringsplan

Personar i ernæringsmessig risiko skal ha ein individuell ernæringsplan som inneheld dokumentasjon om ernæringsstatus, behov, inntak og konkrete tiltak som blir jamleg evaluerte. Planen skal innehalde

  • informasjon om risiko for underernæring

  • berekna næringsbehov

  • berekna næringsinntak i forhold til berekna behov

  • dokumentasjon av mat- og væskeinntak og fordeling av måltid i løpet av døgnet

  • vekt, kroppsmasseindeks (KMI) og plan for regelmessig veging

  • mål for tiltaka

  • konkrete tiltak tilpassa behova og ønska til den enkelte

  • plan for oppfølging og evaluering av tiltaka

Etiske utfordringar ved ernæringsarbeid

I det praktiske ernæringsarbeidet kan kravet om fagleg forsvarlegheit nokre gonger kome i konflikt med prinsippa om brukarmedverknad og autonomi. Plikta til å gi omsorgsfull hjelp inneber å utføre helsehjelpa på ein respektfull måte som ikkje krenkjer den personlege integriteten til brukaren. Samtidig skal du som helsefagarbeidar sørgje for at ernæringsarbeidet er fagleg forsvarleg i samsvar med kompetansen din om ernæring og kosthald.

Dette kan by på etiske utfordringar til dømes med brukarar som har eit kosthald som medfører auka risiko for sjukdom, pasientar som nektar å ete, eller spørsmål om når ernæringsarbeid for pasientar i sluttfasen av livet skal avsluttast.

Utfordringar til deg

  1. Kva kartleggingsverktøy for ernæring kjenner du til frå praksisstaden din?

  2. Kva inneber fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp i ernæringsarbeid?

  3. Kva for nokre etiske utfordringar kan oppstå i ernæringsarbeidet på praksisstaden din? Diskuter med ein medelev.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2013, april). Nasjonale faglige retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring (IS-1580). https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/underernaering/forebygging%20og%20behandling%20av%20underern%c3%a6ring%20%e2%80%93%20Nasjonal%20faglig%20retningslinje.PDF

Helsedirektoratet. (2016, september). Kosthåndboken – veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (IS-1972). https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/kosthandboken/kosth%c3%a5ndboken%20%e2%80%93%20Veileder%20i%20ern%c3%a6ringsarbeid%20i%20helse-%20og%20omsorgstjenesten.PDF

Hjartåker, A., Pedersen, J. I, Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid