Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kartlegging av ernæringsstatus

Det finst ulike verktøy for kartlegging og dokumentasjon av ernæringsstatus. I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med systemet som er i bruk ved praksisstaden din, og lage ein ernæringsplan for ein brukar.
Barneføter på badevekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Gjer deg kjend med det kartleggingsverktøyet for ernæringsstatus som blir brukt på praksisstaden din.

  2. Vel ein brukar på praksisstaden din eller ein av casane under, og bruk verktøyet til å kartlegge ernæringsstatus for vedkommande.

  3. Lag ein ernæringsplan med konkrete tiltak for å betre ernæringsstatusen til brukaren du har valt. Grunngi forslaga dine.

  4. Set opp forslag til frukost i samsvar med tiltaka i ernæringsplanen. Grunngi forslaga med tanke på

    1. energiinnhald i måltidet

    2. innhald av energigivande og ikkje-energigivande næringsstoff

  5. Lag måltidet og dokumenter med bilete.

Case 1

Hans er 180 cm høg, 76 år og har budd åleine det siste året etter at kona døydde. Det var alltid ho som hadde ansvaret for matlaginga, så Hans har ikkje vore vand til verken planlegging eller tillaging av måltid. Hans synest ikkje det er verd bryderiet med å lage middag berre til seg sjølv, og han et i staden mykje brødmat med syltetøy eller salami. Til maten drikk han kaffi eller eit glas skumma mjølk.

Når du kjem tilbake på jobb i heimetenesta etter sommarferien, oppdagar du at Hans har gått ned frå 65 til 60 kg.

Case 2

Agnes er 162 cm høg, 73 år og opphavleg frå Polen. Ho har alltid følgt kosher-reglane for mat og matlaging, men på sjukeheimen der ho no bur, er det ikkje så godt tilrettelagt for det. Ho synest det er vanskeleg å halde oversikt over kva ho kan ete og kva ho ikkje kan ete, og matinntaket blir derfor mindre for kvar veke.

Dei siste tre månadene har ho hatt lungebetennelse to gonger, og vekta har i dette tidsrommet gått ned frå 53 kg til 49 kg.

Case 3

Signe er 82 år, 176 cm høg og veg no 57 kg. Ho flytta inn på sjukeheimen for eit halvt år sidan fordi det vart for vanskeleg å klare seg sjølv heime etter eit hjerneslag som medførte halvsidig lamming (hemiplagi).

Signe har svelgparese etter hjerneslaget, og ho kvir seg derfor for å ete saman med dei andre bebuarane fordi ho ofte må hoste på grunn av mat som hamnar i vranghalsen.

Relatert innhald

I denne filmen vil du bli kjend med dei jødiske matreglane og få eit innblikk i utfordringar det gir å følgje dei jødiske tradisjonane i ein norsk kvardag.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid