Hopp til innhald

Fagstoff

Matlyst

Ved sjukdom og aukande alder opplever mange å få nedsett appetitt, altså dårleg matlyst. For å sikre at pasientar får i seg nok næring, må vi i kvart enkelt tilfelle finne ut kva som er årsaka til den dårlege matlysta, og setje inn individuelle tiltak.
Eldre som et middag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eigentleg matlyst?

Regulering av matlyst skjer i det senteret i hypothalamus som styrer appetitten og kjensla av å vere mett, og gjer at energiinntaket blir tilpassa energibehovet.

Denne reguleringa kan endre seg på grunn av sjukdom, behandling og alder. Eldre menneske har ei dårlegare appetittregulering enn yngre, og dei går ikkje så lett opp i vekt igjen etter vekttap.

Når energibehovet hos eldre blir redusert, kan det føre til at appetitten blir dårlegare. Talet på smakslaukar blir færre, og den eldre kjenner ikkje lenger salte og søte smakar like godt. På same måten kan luktesansen vere svekt.

Dårlig matlyst

Når matlysta forsvinn, et ein som regel mindre og færre måltid. Om dette berre er over nokre dagar, har det ingenting å seie. Men over ein lengre periode vil dårleg matlyst føre til at ein ikkje får i seg nok energi, og ein vil då gå ned i vekt.

Det kan vere mange grunnar til at ein har dårleg matlyst.
Nokre årsaker kan vere:

Eldre mann får servert mat av ein kvinneleg helsefagarbeidar. Foto.
  • redusert allmenntilstand
  • redusert lukte- og smakssans
  • kvalme
  • obstipasjon
  • diaré
  • sår i munnhola
  • dårleg tyggefunksjon
  • vanskar med å svelge (dysfagi)
  • sjukdommar som fører til nedsett aktivitet
  • støy og uro
  • ubehagelege lukter
  • bekymringar
  • at ein engstar seg for noko

Livet endrar seg

Etter kvart som vi blir eldre, møter vi nye utfordringar, til dømes at vi får sjukdommar eller skadar, at vi mister ektefelle og venner, at vi treng å bruke fleire typar medisinar, at vi får problem med tennene, eller at vi slit med sviktande minne. Bekymringar og stress rundt diagnose og behandling kan føre til dårlegare matlyst. Mange kreftpasientar kan til dømes slite med nedsett appetitt før, under og etter behandling.

I slike situasjonar kan måltida miste noko av betydninga si, og det kan vere vanskeleg å halde på gode måltidsrutinar når matlysta blir dårlegare. Mange er vande til å oppfatte måltida som dagens høgdepunkt og assosierer det med fellesskap og hygge. Bordets gleder kjenner ingen aldersgrenser. Mat er tradisjon, tilhøyrsel og kultur. Det er naturleg å reagere negativt når omstenda endrar seg, til dømes at ein må ete åleine, eller at maten ikkje smakar som før.

Utfordringar til deg

  1. I kva situasjonar har du opplevd å få dårleg matlyst?

  2. Kva kan du som helsefagarbeidar gjere for å betre matlysta til brukarar og pasientar?

  3. Korleis kan du motivere brukarar som har nedsett appetitt, til å ete?

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid