Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis står det til med væskebalansen?

For å halde oppe væskebalansen er det viktig at inntaket av væske svarer til mengda som kroppen skil ut. Drikkelister blir brukte for å observere og dokumentere væskeinntak både ved mistanke om for lågt inntak, og hos pasientar med restriksjonar på drikkemengde på grunn av sjukdomstilstandar.
Ung kvinne held drikkeflaske opp mot panna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Registrering av væskeinntak

Start med å be alle i klassen lage ein tabell tilsvarande denne. Legg gjerne til ekstra rader dersom de har glas og koppar i fleire storleikar tilgjengeleg.

Måling av volum

Drikkebehaldar

Anteke volum

Målt innhald

Avvik +/-

Vassglas, lite

Vassglas, stort

Vinglas

Kopp

Krus

Drikkeflaske

Suppetallerken

  1. Gå til kantina eller skulekjøkkenet og finn glas, koppar og drikkeflasker i ulik storleik. Sett fram dei ulike behaldarane på eit bord og be alle i klassen notere i skjemaet kor mange ml dei trur kvar av dei rommar (anteke volum).

  2. Fyll kvar av behaldarane med vatn, og tøm innhaldet enkeltvis over i litermål. Noter målt innhald for kvar behaldar og avvik +/- i forhold til det du antok. Var det nokon av avvika som overraska deg?

  3. Samle resultata for heile klassen og rekn ut gjennomsnittleg avvik for kvar gjenstand. Kvar er avviket størst?

  4. Diskuter i klassen:

    1. Korleis kan det påverke registreringa av væskeinntak dersom vi ikkje veit kor mykje eit glas eller ein kopp rommar?

    2. Kva konsekvensar kan dette medføre for pasientar og brukarar med utfordringar knytte til væskebalansen?

  5. Lag eit notat på mobilen din eller bruk eit ark, og registrer alt du drikk i løpet av eit døgn. Avslutt registreringa etter 24 timar, og legg saman.

    1. Korleis er væskeinntaket ditt ut frå tilrådingane om 30 ml per kilo kroppsvekt, eller 1–1,5 liter drikke i tillegg til væske frå maten du et?

    2. Korleis er fordelinga mellom vatn og andre drikkar?

    3. I kor stor grad vart væskeinntaket ditt påverka av at du registrerte all drikke dette døgnet?

  6. Korleis kan registrering av drikke motivere pasientar og brukarar som er i fare for å bli dehydrerte, til å auke væskeinntaket?

  7. Korleis kan drikkelister motivere pasientar med væskerestriksjonar til å avgrense væskeinntaket sitt?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Ernæringsarbeid