Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førebygging av feilernæring

Feilernæring kan føre til mangel på både energivande og ikkje-energigivande næringsstoff som kroppen treng. For å kunne kjenne igjen symptom på feilernæring og foreslå tiltak som førebyggjer og behandlar, må du ha god innsikt i funksjonen til dei ulike næringsstoffa og kva matvarer dei kjem frå.
Jente heller tran frå flaske til ei skei. Ho har eit svært begeistra uttrykk i ansiktet, og det skin av tranflaska. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du startar på oppgåvene, kan det vere nyttig å repetere fagstoffet frå vg1 om energigivande og ikkje-energivande næringsstoff. Dette ligg som relatert innhald.

Oppgåver

  1. Lag ein digital informasjonsbrosjyre med bilete og tekst om næringsstoffa i maten. Det kan vere føremålstenleg å dele inn i energigivande og ikkje-energigivande næringsstoff. Brosjyren skal innehalde informasjon om

    • funksjonen til dei ulike næringsstoffa

    • tilrådd dagleg inntak

    • symptom ved mangel

    • tilrådde matvarer for å førebyggje og behandle mangel på dei ulike næringsstoffa

  2. I den rike delen av verda er feilernæring hovudsakleg knytt til for høgt matinntak og dårleg kosthald. Lag ein film om kosthaldsendring for å førebyggje feilernæring blant ungdom. Filmen skal publiserast på sosiale medium, og målet er å motivere ungdom til å velje eit sunnare kosthald. Filmen bør innehalde

    • informasjon om korleis kosthald påverkar helsa

    • informasjon om kva kostråda seier

    • konkrete tips om sunnare alternativ til mat- og drikkevarer som ungdom har eit høgt inntak av

Relatert innhald

Her får du ei oversikt over dei mest kjende næringsstoffa, kva hovudfunksjonar dei har, og kva matvarer som er gode kjelder.

Feitt, karbohydrat og protein er energigivande næringsstoff som byggjer opp og held kroppen ved like. Dei kan også forbrennast i kroppen og frigje energi.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid