Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjonsmodellar

Prosessmodellen gir innsikt i korleis kommunikasjonsprosessen går føre seg og den semiotiske trekanten forklarar korleis mottakarane forstår meiningsinnhaldet i ein bodskap.
To menneske held kvart sitt skilt med Avsendar og Mottakar, mellom er eit skilt med Bodskap. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei viktig side ved profesjonelt arbeid med medieuttrykk er å ha oversikt over både kommunikasjonsprosessen og meiningsinnhaldet i bodskapen. Kommunikasjonsmodellar hjelper oss med profesjonalisering. Profesjonelle medieuttrykk er tilpassa ei målgruppe, ein kanal og eit formål. Og du brukar forteljeteknikkar og verkemiddel innan tekst, bilete, lyd og/eller video for å formidle bodskapar.

Prosessmodellar

Vi har tre kjende prosessmodellar som det kan vere nyttige å kjenne til:

  • Den enkle prosessmodellen viser at kommunikasjon skjer når ein bodskap går frå ein avsendar til ein mottakar. Avsendar og mottakar kan vere anten personar eller institusjonar.
  • Kommunikasjon har òg ei hensikt og går ikkje føre seg i eit vakuum. Lasswell sin prosessmodell er som følgjer: "Kven seier kva til kven i kva for kanal og med kva for verknad?" Modellen hjelper deg med å få ei klar oppfatning av kva formål ein bodskap har eller skal ha.
  • Prosessmodellen beskriv runddansen i kommunikasjonen. Avsendar kodar ein bodskap og sender det gjennom ein kanal, og mottakar avkodar bodskapen. Det kan kome tilbakemelding til avsendar med tanke på å avklare eller kommentere det som blir formidla. Modellen tar òg omsyn til at støy oppstår i kommunikasjon. Støy kan vere alt frå dårleg telefonsamband til at mottakaren har fastlåste meiningar.

Spørsmål til video

Videoutklippet viser vêrmeldinga på japansk morgon-TV. Det illustrerer kor ulik bruken av språk og symbol er i andre kulturar.

  • Kven er avsendar og mottakar i videoen?
  • Kva er formålet for kommunikasjonen?
  • Kva tenkjer du kan vere "støy" i kommunikasjonen?

Den semiotiske trekanten

Når du jobbar med profesjonell mediekommunikasjon, veit du at all kommunikasjon skjer i ein kontekst– i ein bestemd samanheng. Språk, kultur og samfunn er rammer for mediekommunikasjonen.

For at kommunikasjon skal skje slik han er tenkt, må medieprodusentar velje språk, bruk av symbol og fargar for å bli forstått på riktig måte. Ein modell som beskriv godt kvifor teikn har den betydninga dei har, er den semiotiske trekanten. Han forklarer korleis meining blir danna gjennom å vise samanhengen mellom tanke, ting og symbol.

  • Tanke er resultatet av å ha lese symbolet.
  • Tingen er gjenstanden som er utgangspunkt for symbolet.
  • Symbolet er teiknet som uttrykkjer tingen.
Den semiotiske trekanten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit symbol gir meining fordi vi kan meiningsinnhaldet frå før. Symbolet står for noko som finst i verkelegheita. Når vi bruker ulike tekstlege og visuelle symbol, er vi avhengige av at mottakarane kjenner til og forstår dei kulturelle kodane.

Kvart enkelt element, eller teikn, kan potensielt vere meiningsberande. For nokre teikn kjenner vi kodane, og for andre teikn kjenner vi ikkje kodane. Det avheng av kva for erfaring du har frå før og kva for meiningsfelleskap du høyrer til.

Spørsmål til video om tolking

  • Kva forstår du, og kva forstår du ikkje i videoen over?
  • Kvifor er det slik?
  • Kva for erfaring har du som gjer at du forstår det du forstår?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar