Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Definer målgruppa for ein medieproduksjon

Identifiser og definer målgruppa for medieproduktet.
Vel mellom tre tenkte medieprodukt – ein nyheitsartikkel til ei nettavis, ein radioreklame for ein musikkfestival og ei pressemelding frå «Slett meg!».
Tolv karikerte menneske står i grupper på tre og tre: tre unge elevar med skolebøker, tre unge kvinner med bereposar, tre godt vaksne menn med bart, frakk og stresskoffert, og tre hipsterar med tatoveringar og hippe retroklede. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A: Vel deg eit medieprodukt du skal lage

  1. Vel deg eitt av desse medieprodukta:
  • nyheitsartikkel til ei nettavis
  • ein radioreklame for ein musikkfestival
  • ei pressemelding frå «Slett meg!»
  1. Bruk Lasswells prosessmodell for å få oversikt over ulike ledd i kommunikasjonsprosessen for medieproduktet du skal planleggje å lage. Klargjer kven som er avsendar og i kva kanal medieproduktet skal distribuerast.

B: Identifiser og definer målgrupper

Å identifisere og definere målgrupper gjer det enklare for deg å utforme ein presis bodskap og å bruke grep og verkemiddel for å treffe publikummet ditt.

  1. Identifiser moglege målgrupper for medieproduktet. Avhengig av kva for eit av dei tre medieprodukta du vel, er det ulike moglege målgrupper du kan ha. Kva for nokre moglege målgrupper klarer du å identifisere?
  2. Vel deg ei primær målgruppe. Bruk deretter tid på å definere ho så presist som mogleg.
Oversikt over variablar

1 Geografiske variablar – forskjellar i bustad og kjenneteikn ved bustad

  • land, region, fylke, kommune, by
  • klima, natur, befolkningstettleik

2 Demografiske variablar – forskjellar i befolkninga

  • alder, kjønn, nasjonalitet, religion
  • livsfase, utdanning, inntekt

3 Psykografiske variablar – forskjellar i personlegdom

  • utåtvend, innåtvend
  • feminin, maskulin
  • initiativrik, passiv
  • impulsiv, planleggjande
  • optimistisk, pessimistisk

4 Variablar for livsstil

  • aktiv i idrett
  • politisk engasjert, engasjert i foreiningsliv
  • samfunnsorientert gjennom TV, aviser og/eller radio
  • kulturinteressert; kino, musikk og/eller festivalar o.l.
  • sofasitjar eller stadig ute på byen
  • turvanar, friluftsinteressert
  • haldningar til dugnad, naturvern, kultur, religion/moral, økonomi, innvandring osv.

C: Skriv ein tekst og gi tilbakemeldingar

  1. Skriv ein tekst der du beskriv primærmålgruppa du har definert. Bruk om lag 300 ord med løpande tekst. Bruk relevante fagomgrep.
  2. Byt tekst med ein annan i klassen, still kvarandre spørsmål, og kommenter det som er overtydande om målgruppa.
  3. Diskuter til slutt kva bodskap de vil formidle, og kva verkemiddel og forteljargrep de ser at kan treffe primærmålgruppa.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar