Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder målgrupperetting

Bruk nokre minutt på å sjå på kvart av desse fire medieprodukta. Gå saman i grupper med tre–fire elevar og diskuter spørsmåla.
Jørgine «Funkygine» Masse Vasstrand er blogger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A: Les eit blogginnlegg på Funkygine sin blogg:

  1. Kva er målgruppa til Funkygine?
  2. Korleis tek ho omsyn til målgruppa når ho utformar bodskapen sin, tenker du?
  3. Synest du at bloggarar bør ta eit ansvar når det gjeld kva bodskap dei formidlar til kva målgruppe?
  4. Bør bloggarar ha større medvit om forskjellen på mottakarar og målgrupper?

B. Sjå dette klippet frå Skam, NRKs dramaserie for ungdom: Skam: Trussel

  1. Kven er målgruppa for denne serien?
  2. Kva er bodskapen i denne episoden?
  3. Skam er eit eksempel på eit medieprodukt som fekk eit mykje større publikum enn først planlagt. Kva er årsakene til det, trur de?

C. Sjå på denne reklameplakaten: Plakat for Playstation

  1. Kva er bodskapet i denne reklamen?
  2. Kva for kunnskap må ein ha for å forstå bodskapen i denne reklamen?
  3. Kor godt synest du bodskap og målgruppe heng saman?
  4. Kor ville du ha plassert denne reklamen for at han skal treffe målgruppa?

D. Sjå denne informasjonsfilmen: Alfred & Skyggen – En liten film om følelser

  1. Kven er den eigentlege sendaren i denne filmen?
  2. Kven er i primærmålgruppa, trur du?
  3. Kor måtte du leite for å finne svar på dei to første spørsmåla?
  4. Er dette ein film som treffer ei smal eller ei brei målgruppe? Grunngi svaret.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2017

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar