Hopp til innhald

Fagstoff

Å kommunisere i sosiale medium

Sosiale medium har gitt oss heilt nye måtar å kommunisere på. I dag møter du vennene dine like ofte via sosiale medium som i kantina. Er du kritisk til informasjonen du møter? Har du tenkt over kva ansvar du har når du ytrar deg?

Sjå filmen

Filmen over handlar om medievanar hos unge, men gir òg nokre gode døme på kva personleg mediert kommunikasjon er.

  • Kva for nokre ulike sosiale medium bruker dei to ungdommane?
  • Kva kommuniserer dei om på sosiale medium?
  • Kva for nokre sosiale medium bruker du, og kva bruker du dei til?

Medierte samtalar

Personleg kommunikasjon ved hjelp av teknologiske medium blir kalla for personleg mediert kommunikasjon. Videosamtalar gjer at bestemor kan møte barnebarna ansikt til ansikt kvar dag sjølv om dei bur milevis unna, og i arbeidslivet blir møte og tenestereiser erstatta av nettbasert fildeling, chat og videomøte.

Skriftlege meldingar på mobilen, i chat og i sosiale medium er prega av eit munnleg språk. Ord og uttrykk blir forkorta for å spare tid, og innhaldet er gjerne av uformell karakter. Emojiar blir ofte brukte som ein del av kommunikasjonen.

Tilbakemeldingar

Tilbakemeldingar blir ofte gitt som korte kommentarar eller ved hjelp av «likes» og smilefjes. Slike tilbakemeldingar er «smurning» i kommunikasjonen, og dette fungerer på same måte som når den du snakkar med, smiler og nikkar.

Tenk over

  • Har du opplevd å bli misforstått i personleg mediert kommunikasjon?
  • Har du misforstått andre?
  • Når er det greitt å bruke emojiar, og i kva samanhengar er det ikkje greitt å bruke emojiar og bilete i kommunikasjon?

Sosiale medium

Sosiale medium har to felles kjenneteikn. 1) Det finst ikkje noko klart skilje mellom avsendar og publikum. Sosiale medium legg til rette for at du kan både produsere og konsumere innhald. 2) Sosiale medium er tilrettelagde òg for kommunikasjon frå éin til mange.

Spreidde sirklar med generiske fjes, og ulike symbol knytte til kommunikasjon og internett, er kopla saman i eit stort nettverk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Videomøtetenester, samarbeidsverktøy for skriving og for å lage presentasjonar og tankekart blir altså rekna for å vere sosiale medium, men det er dei kommersielle sosiale media vi ofte tenkjer på når vi snakkar om sosiale medium.

Kommersielle sosiale medium

I mange sosiale medium kan det vere vanskeleg å ha oversikt over publikum, og du har heller ikkje kontroll på innhaldet du får servert – mykje blir styrt av algoritmar.

Snapchat, TikTok, Facebook, Twitter og YouTube er døme på slike sosiale medium som legg til rette for å skape og dele innhald og å delta i sosiale nettverk. Når du ytrar deg i sosiale medium, er du deltakar i eit meir eller mindre offentleg ordskifte. Då følgjer det òg eit ytringsansvar.

Tenk over

Er du fornøgd med korleis du sjølv kommuniserer i sosiale medium? Kvifor / kvifor ikkje?

Ikkje-redaksjonell deling av innhald

Alt innhald som blir publisert og som ikkje kjem frå medieredaksjonar som NRK, Aftenposten og Dagbladet, er ikkje-redaksjonelt. Det vil seie at det ikkje ligg etiske og profesjonelle retningslinjer til grunn for det som blir publisert. Konsekvensen er at veldig mykje av det du får opp i straumen i sosiale medium, er tull og tøys, i både positiv og negativ forstand.

Du kan ha det moro med mem og speloppar som er delte av menneske du følgjer, men du kan òg kome til å få ubehageleg opplevingar og bli påverka til å tru på usanningar.

Tenk over

Kva følgjer du med på? Klarer du å skilje klinten frå kveiten?

Kommersialisering av personopplysningar

Når du kommuniserer gjennom kommersielle sosiale medium, deler du samstunes respons- og navigasjonsinformasjon om deg sjølv til marknadsaktørar. Brukarinformasjon blir seld til tredjepartsaktørar som køyrer algoritmar på brukardataa og sel informasjonen vidare. Dette gjer at du får skreddarsydd marknadsføring og pusha innhald som kan gi deg lyst til å kjøpe produkt du i utgangspunktet ikkje treng.

Tenk over

Kor mykje tenkjer du over at kommunikasjonen din på sosiale medium ikkje er berre din?

Kilde

Aalen, I. (2015). Sosiale medier. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar