Hopp til innhald
Oppgåve

Kommunikasjon og identitetsmarkørar

Klede, hårfrisyre, jakkemerke og tatoveringar er eksempel på måtar å kommunisere på. Kva for signal vi ønskjer å sende til omverda, er avhengige av kven vi meiner vi er, kor vi held til, og kven vi er saman med.

Oppgåve

  1. Studer dei sju bileta i biletserien.

    • Kva fortel dei om identiteten til personane på bileta?
    • Kva for element er det som skaper det inntrykket du har av personane?
  2. Lag ein presentasjon (for eksempel i PowerPoint) eller ei fotoforteljing (for eksempel i Photostory) der du viser fram bilete av ulike måtar å kommunisere med omgivnaden på. Legg gjerne til korte tekstar eller lydklipp som forklarer kva bileta fortel om mellommenneskeleg kommunikasjon.

Eigenvurdering

Når du er ferdig med oppgåva kan du tenkje gjennom:

  • Har du studert bileta grundig, slik at du kan grunngje måten du tolkar bileta på?
  • Er utvalet av bilete du sjølv har gjort, mangfaldig og spanande?
  • Er tekstane og/eller lydkommentarane dine informative, slik at andre kan lære noko av presentasjonen din?

Relatert innhald