Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kroppsspråk, stemmebruk og blikk

Bruk oppgåvene til å utforske korleis kroppsspråk og måten vi seier noko på, kan påverke kommunikasjonen.

Før du arbeider med oppgåvene, kan det vere lurt å repetere fagstoffet om teiknklassar og paralingvistikk. Du finn artiklane nedst på denne sida.

Oppgåve 1. Ikkje-verbal kommunikasjon

I denne oppgåva skal du sjå eit klipp frå NRK-serien Skam to gonger, først utan lyden på og deretter med lyden på. Sjå instruksjonar og oppgåver under klippet.

Sjå klippet frå NRK-serien Skam først utan lyd og teksting, og fokuser på den ikkje-verbale kommunikasjonen til personane.

  • Kva inntrykk får du av personane ut frå den ikkje-verbale kommunikasjonen deira? Kva kjensler uttrykkjer dei? Er dei samde eller usamde? Kven styrer kommunikasjonen?
  • Kva teiknklassar kan kroppsspråket kategoriserast i? Prøv å finne minst eitt døme på kvar av dei fem teiknklassane. Du kan lese om teiknklassane i artikkelen nedst på denne sida.
  • Kan du forstå kva samtalen handlar om ut frå kroppsspråket?
  • Vel ut tre døme frå klippet som du la spesielt merke til. Del døma med ein medelev, og forklar kvifor du valde dei.

Sjå klippet ein gong til, no med lyden på.

  • Beskriv korleis det var å sjå videoen, først utan lyd og deretter med lyd. Kva kan dette fortelje oss om samspelet mellom verbal og ikkje-verbal kommunikasjon?
  • Handla samtalen om det du trudde han handla om?
  • Kor viktig vil du seie at den ikkje-verbale kommunikasjonen er i samtalen i dette klippet? Vel ut to til tre døme, og grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2. Utforsk kroppsspråk og stemmebruk

  1. Sit saman to og to, og bruk kroppsspråket til å uttrykkje følgjande: sinne, glede, vonbrot, interesse, likegyldigheit og å vere oppgitt. Er de samde om korleis desse sinnsstemningane kan uttrykkjast med ikkje-verbale teikn? Finst det andre ikkje-verbale teikn de kan bruke til å uttrykkje desse sinnsstemningane? Kan nokon av teikna de har brukt, bety fleire ting?
  2. Sit saman to og to. Sei følgjande ytringar høgt med nøytral stemmebruk og utan å bruke eit spesielt aktivt eller tydeleg kroppsspråk. Korleis er det å ikkje bruke kroppsspråket og stemma aktivt saman med den verbale ytringa?

    Eg er så glad.

    No er eg veldig skuffa over deg.

    Det du sa no, gjer meg skikkeleg irritert.

    No vart eg veldig overraska.

    Det er så trist at du har mista hunden din.

  3. Sei ytringane igjen, no med eit aktivt kroppsspråk og ein stemmebruk som passar til ytringa. Korleis er kroppsspråket vårt og måten vi seier noko på, med på å påverke kommunikasjonen?

Oppgåve 3. Blikk og augekontakt

Denne øvinga handlar om blikk og augekontakt i kommunikasjon.

Sit saman to og to, og finn eit tema de kan snakke om relativt uførebudd. Det kan vere til dømes favorittfaget dykkar, ein film de liker eller ein hobby.

  • Snakk saman om temaet, og hald augekontakt gjennom heile samtalen. Korleis opplever de det?
  • Snakk saman ein gong til, gjerne om eit anna tema, og bruk lite eller ingen augekontakt. Korleis opplever de det?

Diskuter:

Kva kan denne øvinga seie om viktigheita av blikk og augekontakt i kommunikasjon?

Relatert innhald

Det ikkje-verbale språket er eit språk. Vi sender og tolkar teikn når vi kommuniserer med andre, når vi ser dei i auga, smiler eller rynkar panna.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar