Måten vi seier noko på, betyr noko - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Måten vi seier noko på, betyr noko

Kommunikasjon er mykje meir enn orda du seier. Måten noko blir sagt på, har minst like stor betyding. Alt dette som kjem i tillegg til orda, kan vi kalle for paralingvistikk.

Paralingvistiske faktorar

Lingvistikk betyr "språkvitskap" og handlar om studiet av naturleg språk (Hageman, 2019). Para kjem frå gresk og betyr "ved sida av" eller "i tillegg" (Dahl, 2001). Paralingvistikk handlar derfor om det som kjem i tillegg til orda vi seier, altså måten vi seier noko på. Det er mange nyansar i korleis du kan bruke stemma di for å få fram ein bestemd bodskap. Til dømes vil både tonefallet og volumet vere med på å formidle det som skal seiast. Dette kallar vi for paralingvistiske faktorar. Enkelte forskarar hevdar at desse paralingvistiske faktorane er endå viktigare enn det verbale innhaldet i ein samtale. Korleis ting blir sagt, er ofte det som blir sagt!

Måten vi seier noko på, betyr noko

Tonehøgd, tonerørsle, lydstyrke, lydlengde, rytme og bruk av pausar er andre paralingvistiske faktorar som kan få fram nyansar i språket. Måten vi seier noko på, om det er å seie noko leande, gråtande, bydande eller gripe, betyr òg noko. Ytringa "det skulle aldri ha skjedd" får to ulike betydingar om ho blir sagd leande eller gråtande. Viss ho blir sagd leande, kan vi tenkje oss at det har skjedd noko som ikkje skulle ha skjedd, og at resultatet kanskje er noko humoristisk. Viss nokon seier "det skulle aldri ha skjedd" gråtande, kan vi tolke det som om noko trist eller negativt har skjedd. Orda i ytringa er dei same, men dei paralingivsitiske faktorane gjer at vi forstår kva ytringa betyr i den gitte situasjonen.

Til paralingvistikken høyrer òg medviten bruk av stemma med, som til dømes å tale kviskrande, andpustent, sløret, med sprokken stemme, djup stemme og så vidare. Viss nokon ytrar noko med ei kviskrande stemme, kan vi rekne med at det som blir ytra, er noko som ingen andre bør høyre, eller at vi ikkje ønskjer å forstyrre viss det er nokon andre som snakkar samtidig. Ei djup stemme vil kanskje gi meir inntrykk av truverd eller sjølvtryggleik, medan ei sprokken stemme kan oppfattast som om nokon er usikre, redde eller nervøse.

Korleis vi bruker stemma, er som vi kan sjå situasjonsbestemt, og handlar òg om kva vi ønskjer å oppnå med kommunikasjonen vår. Korleis paralingvistiske faktorar blir oppfatta av andre, avheng òg ofte av kva for nokre kulturelle kodar vi deler. Nokon kan til dømes oppfatte bruk av høg stemme og raskt tempo som engasjement hos den som taler, mens andre kan oppfatte det som eit uttrykk for sinne.

Stemmebruk på radio

Radio er eit medium som er basert på lyd, og måten programleiaren bruker stemma på, er derfor eit svært viktig element i radioproduksjon. I lydklippet under kan du høyre Siri Knudsen i NRK fortelje om korleis ho bruker stemma når ho snakkar på radio. Ho seier òg at det er viktig å varme opp stemma, puste godt inn og ut, og snakke roleg og tydeleg. Kva for nokre av desse tipsa frå Siri Knudsen kan vere nyttige for deg?

Å bruke røysta si på radio

0:00
-0:00
Lyd: Siri Knudsen / CC BY-SA 4.0

Kjelder:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom menneske: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.

Hagemann, K. (2019, 16. februar). Språkvitskap. I Store norske leksikon. https://snl.no/spr%C3%A5kvitenskap

Skrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021