Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsfør sjokolade til ulike målgrupper

Jobb to og to saman om å lage reklame for ein ny sjokolade. Trekk ei målgruppe og rett reklamen mot ho. Sjokoladen
er ny og skal heite Choco.
Konditor pyntar konfektsjokolade. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuing

Læraren klipper opp lappar med tala 1, 2 og 3. Trekk ein lapp. Talet på lappen bestemmer kva for ei av målgruppene de får.

FASE 1: Sett dykk inn i målgruppa

Finn ut følgjande:

  1. Kva assosierer de med målgruppa?
  2. Kva er dei opptekne av?
  3. Korleis er økonomien til denne målgruppa?
  4. Kva fargar og stil passar til målgruppa?
  5. Kva slags stader kan du ”nå” målgruppa med reklamen?
  6. Kva slags reklametype passar til denne gruppa?
  7. Korleis bør sjølve sjokoladen og emballasjen sjå ut? Lag skisser til utforming av denne sjokoladen.

FASE 2: Lag eit reklameprodukt

  • Vel eit av desse reklameprodukta, og start utforming.
    • Lag ein plakat.
    • Lag eit SOME-reklamebilete.
    • Lag ein lydreklame (10–15 sekund).

FASE 3: Sluttstilling og presentasjon

Sjå på produktet de har laga og sjå på informasjonen om målgruppa deira ein gong til. Gjer eventuelle endringar.

Presentasjon

  1. Start med å beskrive og forklare målgruppa dykkar.
  2. Vis fram reklameproduktet.
  3. Fortel kva de har gjort for å treffe akkurat dykkar målgruppe.
  4. Beskriv verkemidla i reklameproduktet og trekk inn relevante omgrep de har lært om innan marknadsføring.

Målgruppesett 1

Oppgåve: Presenter ein ny sjokolade med namnet Choco.

Oppdragsgivar: Nidar

Målgruppe/oppdrag: Lag ein reklame til unge gutar på 15–18 år som ønskjer ein god sjokolade til ein grei penge.

Målgruppesett 2

Oppgåve: Presenter ein ny sjokolade med namnet Choco.

Oppdragsgivar: Freia

Målgruppe/oppdrag: Lag ein reklame til eldre personar som ønskjer ein god, gammaldags sjokolade som er lett å ete og ikkje er for hard. Målgruppa består av begge kjønn i alderen 70–85 år.

Målgruppesett 3

Oppgåve: Du skal presentere ein ny sjokolade med namnet Choco.

Oppdragsgivar: Berit Nordstrand

Målgruppe/oppdrag: Lag ein reklame til målgruppa kvinner 30–45 år som ønskjer sunne og gode alternativ. Dei har god økonomi og er kvalitetsbevisste.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar