Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ikkje-verbal kommunikasjon

Serien Kroppsspråk tek utgangspunkt i situasjonar som mange blir nervøse eller uvisse i. Korleis kan ein ekspert på kroppsspråk hjelpe deltakarane i serien til å takle situasjonane betre?

I serien Kroppsspråk møter vi mellom anna Astri som gjerne vil ha kjærast, men som ikkje taklar å vere på date, studentane som bur i kollektiv, men som ikkje veit korleis dei skal løyse konfliktane som oppstår, og Karl Andreas som blir så nervøs på jobbintervju at han snakkar seg vekk og rotar det til for seg sjølv.

Før du ser episoden

Tenk over desse spørsmåla:

  • Har du opplevd situasjonar der det har vore vanskeleg eller utfordrande å kommunisere det du ønskte?
  • Tenkjer du at du er klar over kroppsspråket ditt?
  • Kva råd ville du gitt til nokon som er nervøse før til dømes eit jobbintervju eller ein munnleg eksamen?

Skriv ned svara dine, og del med ein eller to klassekameratar.

Kroppsspråk: jobbintervju

I denne episoden av Kroppsspråk er Karl Andreas med på eit eksperiment. Kan han kontrollere nervøsiteten og bli trygg på jobbintervju viss han jobbar med kroppsspråket sitt?

Sjå episoden, og gjer oppgåvene under. Ta notat undervegs.

Etter du har sett episoden

  1. Korleis går det første intervjuet for Karl Andreas? Gi døme på ulike typar ikkje-verbal kommunikasjon hos Karl Andreas.
  2. Kva tilbakemeldingar får Karl Andreas frå intervjuarane etter det første intervjuet?
  3. Kva tips får Karl Andreas frå kroppsspråk-eksperten etter det første intervjuet?
  4. Korleis går det andre intervjuet for Karl Andreas? Kva er dei største forskjellane frå det første intervjuet når det gjeld ikkje-verbal kommunikasjon?
  5. Kva lærte du av denne episoden? Fekk du nokon tips du kan ta med deg vidare i eigen kommunikasjon?
CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar