Hopp til innhald

Fagstoff

Musikkvideo: form og sjangrar

Musikkvideo er eit kortformat som visualiserer musikk. Videoane blir laga for å marknadsføre songar, men kan òg ha kunstnarlege mål. Dei bruker ofte eit eksperimenterande filmspråk og finst i ulike former og sjangrar.
Lady Gaga og Beyoncé står framfor ein gul bil og gjer grimasar til kameraet. Dei har på seg flagrete kjolar og matchande breibremma hattar med luftige slør – Gaga i kvitt og Beoncé i svart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyden er fundamentet tiil musikkvideoen og dannar grunnlaget for produksjonen. Musikkvideoar blir gjerne laga for å selje og byggje opp imaget til ein artist. Målet kan òg vere å eksperimentere med form og å lage eit kunstnarleg uttrykk. Målgruppa er ofte unge vaksne, og handlinga kjem gjerne inn på tema som sex, kjærleik eller opprør.

Kjenneteikn på musikkvideoar

  • varer like lenge som songen

  • samanheng mellom songtekst og bilete

  • raske klipp, mange bilete

  • høg dose filmiske effektar

  • oppstykkja forteljestruktur

  • song formidla av ein eg-person

Tre typiske sjangrar

Det er vanskeleg å setje musikkvideoar i bås, fordi det er ei uttrykksform som stadig får nye impulsar og skiftar form. Dei fleste musikkvideoar er hybridar, altså ei blanding av fleire sjangrar. Når vi likevel vel å dele musikkvideoar i tre hovudtypar, må vi hugse på at desse sjangrane ofte går inn i kvarandre. Dei tre hovudtypane er

  • forteljande musikkvideo

  • konseptvideo

  • konsertvideo

Forteljande musikkvideo

Denne typen musikkvideoar har ei klar handling og ønskjer å fortelje ei historie. Den forteljande musikkvideoen har spelefilm, novellefilm eller kortfilm som utgangspunkt. Eit døme er Lady Gagas og Beyoncés «Telephone» frå 2008. Musikkvideoen er ni minutt lang og bruker verkemiddel frå spelefilm.

Sjå musikkvideoen Telephone ft. Beyoncé til Lady Gaga på Youtube

Konseptvideo

Ein annan type musikkvideoar blir kalla for konseptvideoar. Dette er videoar som vil skape ei stemning, og som bruker lausrivne idear frå teksten eller tek utgangspunkt i frittståande fantasiar. Eit døme er Billie Eilishs «Bad Guy» frå 2019. I videoen ser vi artisten i ei rekkje ulike miljø i scener som ikkje heng saman som ei forteljing. Element frå teksten blir henta inn, til dømes ser vi Eilish blø frå nasen når dette er nemnt i songteksten.

Sjå musikkvideoen Bad Guy til Billie Eilish på Youtube

Konsertvideo

Mange musikkvideoar er konsertvideoar som tek utgangspunkt i ein konsert eller ei framsyning, der artisten er i sentrum. Ein av forgjengarane til denne forma er TV-sende konsertar. Nokre konsertvideoar legg vekt på å ta vare på spontaniteten og stemningane som blir skapte i kontakten med publikum. Andre videoar ser ut til å vere konsertvideoar, men er i røynda meir iscenesette. Eit døme på dette er videoen til Bruce Springsteens «Dancing in the Dark» frå 1984. Opptaka blei gjorde under ein livekonsert, men med ein skodespelar og iscenesett handling.

Sjå musikkvideoen Dancing In the Dark til Bruce Springsteen på Youtube

Inndeling etter tematikk

Ein annan måte å dele inn musikkvideoar på er å sjå på kva innhald dei formidlar.

Musikkvideoar kan til dømes vere sosialt medvitne. Denne typen videoar etablerer seg i ein kritisk og antiautoritær tradisjon til dominerande idear og tradisjonar i samfunnet. Eit døme på dette er rapparen Childish Gambinos (Donald Glover) «This is America» frå 2018, regissert av Hiro Murai. Låten og videoen tek opp vald og våpenbruk i USA, masseskyting, rasisme og diskriminering.

Inndeling etter musikksjanger

Musikksjangeren kan òg vere med på å styre korleis uttrykket tek form.

I ein video i musikksjangeren rapp eller hiphop forventar vi gjerne å sjå ein artist som rappar rett i kameraet, iscenesett med halskjede, ein rask bil og lettkledde damer. Døme på to typiske hiphop-/rapp-musikkvideoar er «Whoopty» av CJ og «Hallo» av Isah og Dutty Dior.

Er musikksjangeren meir av typen pop og boyband, reknar vi med å sjå koreografert dans, romantiske scener og syngjande gutar i matchande antrekk. Døme på typiske boyband-musikkvideoar er
Westlifes «Flying without Wings» og Boyz II Mens «I'll Make Love to You».

Nettet opnar for nye former

Overgangen frå TV som den viktigaste formidlingskanalen til dagens digitale distribusjon har endra musikkvideoen på fleire måtar. Fleire sjangrar er representerte, og dei estetiske verkemidla og stilformene er utvida endå meir. Det blir eksperimentert meir, og grensene for kva som kan framførast, er utvida, til dømes med omsyn til identitetspolitikk og innhald som bryt med dominerande normer.

Ein artist som har utnytta dette, er Beyoncé, som har produsert fleire såkalla «visual albums», mellom anna Lemonade frå 2016 og Black is King frå 2020. Janelle Monáes «Dirty Computer» frå 2018 er eit anna døme på ei lengre eksperimentell visualisering i kortfilmformat.

Døme på musikkvideoar

Om artikkelen

Artikkelen er bygd på innhald henta frå Store norske leksikon: https://snl.no/musikkvideo

Relatert innhald

På 1980-tallet ble det utviklet et eget filmspråk for musikkvideo. Musikkvideoer brukes for å promotere musikk, men har etter hvert blitt en egen kunstform

CC BY-SASkrive av Even Ruud og Maren Aftret-Sandal. Rettshavar: Store norske leksikon
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Mediesjangrar