Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein sjanger?

Ein sjanger er ein medietekst som byggjer på ein sosial konvensjon, ein slags avtale mellom avsendar og mottakar. Når du skal setje saman eit medieuttrykk, finst det difor reglar eller forventningar du må forholde deg .

Kva er ein sjanger?

Plakat med kvinne som klamrar seg til tittelen Escape. Nederst står "from Calvin Klien". Fotografi.

Omgrepet har fransk opphav og tyder slekt eller art. Fellestrekk mellom medieuttrykk gjer at du som mottakar har dei same forventningane til tekstar som liknar kvarandre. Når vi skal bestemme kva sjanger eit medieuttrykk høyrer til, tek vi derfor utgangspunkt i nokre kjenneteikn eller sjangertrekk. Det kan dreie seg om:

  • innhald/tematikk
  • spesielle trekk ved formgiving og komposisjon
  • relasjon til verkelegheita
  • føremålet med medieuttrykket

Sjangertrekk

Ser du nøyare på reklameplakaten ovanfor, oppdagar du at dette ikkje er ein heilt vanleg reklameplakat. Det er ein anti-reklame, også kalt adbuster. Her er idé, komposisjon og estetikk brukt som verkemiddel for å få deg til å tru at det er reklame, men bodskapen er ikkje «løp og kjøp», det er heller «lat vere å kjøpe». Lån av sjangertrekk frå reklameplakatar blir brukt av Adbusters, som er ein ideell organisasjon som er mot kommersialisering.

Nettopp fordi dette ikkje er ein reklameplakat, er det enkelt å sjå kva som er sjangertrekk lånt frå reklameplakatar:

  • eit visuelt uttrykk der biletet er eit sentralt element
  • komposisjonen av element fokusert rundt ein idé
  • heilskapleg estetikk – i dette tilfellet vil det seie at formgiving av idéen gjennom bruk av bilete og skifttypar står i stil med logoen
  • ståande format som kan passe inn i magasin og på stoppestader for kollektivtransport

Sosiale konvensjonar

Det er ikkje tilfeldig at eit medieuttrykk blir som det blir. Både avsendaren og mottakaren veit kva reglar, eller , som gjeld for ein bestemt sjanger. Vi forventar at ein kriminalroman handlar om brotsverk, offer, skurkar og etterforskarar. Dei fleste av oss ville bli nokså lange i maska dersom saka ikkje blir løyst før boka er slutt. På same måten forventar vi at nyheitsopplesaren på radio framfører meldingane på ein sakleg og seriøs måte.

Her er eit eksempel frå ei nyheitssending:

Nyheitsoverskrifter frå NRK Alltid nyheiter

0:00
-0:00

Høyr på radioklippet

Etter berre eit par sekund forstår du at det dreier seg om ei nyheitssending, eller kva?

Vi har ein felles kulturell overeinskomst om korleis vi skal tolke dei lydane vi høyrer, og måten dei er sette saman på. Autoriteten i røysta til nyheitsankeret er eit viktig kjenneteikn på at sjangeren er ei nyheitssending. Ei slik forståing av sjangeren gjer at du som mottakar har forventningar om å få servert seriøse, faktabaserte situasjonsbeskrivingar og forteljingar frå inn- og utland.

Filmplakat til dokumentarfilmen Pøbler. Foto.

I spelefilmar gir anslaget ein peikepinn om kva slags film det er vi ser på. Vi får eit frampeik på kva konflikten dreier seg om, og vi blir presenterte for hovudkarakterane i filmen. Etter fem minutt veit dei fleste av oss om vi ser på ein science fiction-film, eller ein god, gammaldags westernfilm, og vi innrettar forventningane våre etter det.

Kronikkar, kommentarar og lesarinnlegg i aviser er som oftast merkte, slik at vi som lesarar kan ha i mente at dette er subjektive meiningsytringar, ikkje objektive skildringar av fakta. Det styrer måten vi les teksten på.

Eit medvite forhold til sjangerkonvensjonar er viktig både for dei som produserer eit medieuttrykk, og for den som tek imot og tolkar uttrykket. Mange medieuttrykk signaliserer tydeleg kva sjanger dei høyrer til.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Mediesjangrar