Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder rappen Brotsmannskvad

Skriv ei melding der du legg vekt på sjanger og i kva grad videoen kommuniserer med målgruppa.
Ivar Aasen grafitti på ein murvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange elevar i vidaregåande skule synest det er både vanskeleg og keisamt å lære nynorsk. Derfor fekk elevar på vg3 på Elvebakken vidaregåande skule i oppgåve å lage ein annleis nynorsk grammatikk. Ole Haug Sundfør, Adrian Aam Refsnes, Boye Anderson Stokke, Mikael Dybedahl, Ole Christian Beil og Erlend Klette valde å lage ein gangsterrapvideo om nynorsk grammatikk, som dei har kalla Brotsmannskvad.

Sjå videoen her: Brotsmannskvad (YouTube.com)

Teksten i Brotsmannskvad

Yeah yeah, Mc Kalvø og Ivar Aas – hey! Dette er ein gangsterrap Eit ekte brotsmannskvad Så potent i hovudmål At dei på fyrste rad Blir gravide Som i fleirtal av gravid Hugs at bøyingsforma Den er avhengig av tid No kjem ei leksjon I nynorsk grammatikk Vi skal lære deg om verb Utan dramatikk Både sterke og svake Sett deg ned og lær Verb er dei orda Som seier kva vi gjer Å rime på regler E’ vorte vort opp i hupp Sterke verb har inga ending i preteritum Å Skrive skriv skreiv har skrive Sterke verb dei trenge Ikkje vere aggressive Eg synast det å Skrive nynorsk er ein fryd Sterke verb i presens Har omlyd Og her er enda ei lita anekdot(e) Å skyte skyt skaut har skote NYNORSK! Meir enn statskanalens undertekstar Mykje meir enn øydelagde oppvekstar Bokmål bleik der i forhold Ikkje blande Eg e’ verb lettare enn Då Jesus gjekk på vann NYNORSK! Meir enn statskanalens undertekstar Mykje meir enn øydelagde oppvekstar Bokmål blæk der i forhold Ikkje blande NYNORSK! Saman tek vi over land A-verb Alle a-verb bøyast likt Å lage – lagar - laga Eg har laga eit dikt Dette er ei gruppe svake verb vi har Kan du det ikkje Då er du ikkje skuleklar E-verb flest Det ender med er-e(ere) Som levere – studere – aktivere med flere I fortid dukkar fleire endingar opp Som de – te Stopp Eg blei tatt for brotsverk her ein dag Å døme – dømer- dømte – blei dømt Fekk ei kake med ei burdsdagssag Rømmer -rømde, no har eg rømt Kvifor kan eg ikkje vera fjell Når Ivar Aasen 12.mai åttisju Kom nynorsk ut av båsen Parfektum – partisipp og plusskvamperfektum Arh, slutt’a – no dreg du berre ord ut av rektum Verb er vanskelige I det nynorske språk Kan du dei ikkje Kan du vente deg bråk Brotsmannen låser opp Den språklege låsen Og setter over til Mai e’ med IVAR AASEN NYNORSK! Meir enn statskanalens undertekstar Mykje meir enn øydelagde oppvekstar Bokmål blek der i forhold Ikkje blande Eg e’ verb lettare enn Då Jesus gjekk på vann NYNORSK! Meir enn statskanalens undertekstar Mykje meir enn øydelagde oppvekstar Bokmål blæk’ne i forhold Ikkje blande NYNORSK! Saman tek vi over landa

Oppdrag

  1. Kva kjenneteiknar sjangeren gangsterrap?
  2. Kven er målgruppa, og kva ønskjer dei å oppnå med denne produksjonen?
  3. Skriv ei melding om denne elevproduksjonen, der du legg vekt på om videoen oppfyller krava til sjangeren, kommuniserer med målgruppa, og i kva grad elevane oppnår det dei har sagt at dei ønskjer å oppnå med videoen.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2018

Læringsressursar

Mediesjangrar