Eigenvurdering i emnet mediesjangrar
Når du har jobba med dette emnet, bør du
vite kva ein sjanger og eit format er, og kunne kjenne igjen ulike mediesjangrar og medieformat
kjenne til nokre vanlege sjangrar innan journalistikk og underhaldning og kunne bruke kunnskapen om desse sjangrane i eigen medieproduksjon
kunne forklare forskjellen på fakta og fiksjon og kunne skilje faktabaserte ytringar frå andre typar ytringar
forstå kvifor det er viktig med tydelege skilje mellom journalistikk, informasjonsverksemd og reklame
kunne reflektere over samanhengen mellom form og innhald i ulike typar medieforteljingar
Viktige omgrep i emnet mediesjangrar
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
blogg
faksjon
fakta
fiksjon
journalistikk
marknadskommunikasjon
medieformat
reklame
reportasje
sjanger
sosial konvensjon
underhaldning