Hopp til innhald
Oppgåve

Podkast som kjelde for ein fagartikkel

I denne oppgåva skal du lytte til ein podkast som handlar om forskjellen på faktabaserte ytringar og andre ytringar. Så skal du bruke podkasten som ei munnleg kjelde i ein fagartikkel om fakta, fiksjon og desinformasjon.

Oppgåve 1: Fagomgrep og vanskelege ord

Før du lyttar til podkasten: Sjekk at du forstår nokre viktige fagomgrep og nokre vanskelege ord.

Oppgåve 2: Undersøk kjeldene i podkasten Fakta og fiksjon

I podkasten møter du Inger Merete Hobbelstad, kulturjournalist og kommentator i Dagbladet, og Kjersti Løken Stavrum, administrerande direktør i Stiftinga Tinius og Blommenholm Industrier. Stavrum har tidlegare vore redaktør i Aftenposten, generalsekretær i Norsk Presseforbund og leiar av Ytringsfrihetskommisjonen.

Slå opp på nett, og skriv ned stikkord.

  1. Kven er dei to kvinnene som er med i samtalen?

  2. Kva kjenneteiknar organisasjonane dei er tilknytta?

Oppgåve 3: Lytt til podkasten og ta gjerne notat

Få ei oversikt over samtalen. Lytt og stopp podkasten når du noterer.

  1. Kven seier kva om ulike tema i denne podkasten? Bruk gjerne fagomgrepa i oppgåve 1 som utgangspunkt.

  2. Skriv ei kort oppsummering om kva dei to kvinnene seier om fakta og fiksjon.

Foto av smilande jente kikkar oppover mot teksten "Lytt deg gjennom mediefaget".

I denne podkasten møter du Inger Merete Hobbelstad, kulturjournalist og kommentator i Dagbladet, og Kjersti Løken Stavrum, tidlegare redaktør i Aftenposten, generalsekretær i Norsk Presseforbund og l...

0:00
-0:00
Podkast: Ragna Marie Tørdal / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 4: Lag ein disposisjon til ein fagartikkel

Oppgåve 5: Skriv ein fagartikkel

Skriv ein fagartikkel om forskjellen på faktabaserte ytringar og andre formar for ytringar.

  • Gi òg råd om korleis unge på din alder kan lære seg å skilje mellom ulike typar ytringar.

  • Bruk andre kjelder i tillegg til podkasten.

  • Bruk mediefaglige omgrep i fagartikkelen.