Hopp til innhald

Fagstoff

Intervjuet

Intervjuet er både ein arbeidsreiskap og ein journalistisk sjanger. Saksintervjuet kastar lys over ei sak frå ulike sider. Portrettintervjuet gir eit samansett bilete av ein bestemt person.
Mann med notisblokk og kamera noterer det ei kvinne seier. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intervjuet som sjanger

Eit intervju er også ein måte å presentere informasjon på. I utgangspunktet består intervjuet av spørsmål og svar. I eit avisintervju er det vanleg å variere mellom direkte og indirekte tale.

  • ”Bilen kom over i min køyrebane, og det var umuleg å unngå kollisjon”, fortel NN.
  • NN fortel vidare at bilen kom over i hans køyrebane, og at det var umuleg å unngå kollisjon.

Saksintervju

I saksintervjuet er hensikta å få fram bestemte sider ved ei sak. Saksintervjuet består ofte av intervju med fleire personar. Dersom saka er kontroversiell, bør ein sørgje for at ulike partar kjem til orde. Det er god presseskikk å gi ein part som får skuldingar retta mot seg, høve til å komme med motsvar i same intervju.

Portrettintervju

Portrettintervjuet handlar om å gi lesarane eit samansett bilete av ein bestemt person. Journalisten prøver ofte å avdekke bestemte personlegdomstrekk og ukjente sider ved personen gjennom små anekdotar, eller ved å beskrive kroppsspråket og det miljøet personen omgir seg med.

Enquete

Ein enquete er eit styrt intervju der same spørsmål blir stilt til fleire personar, som for eksempel i ”Fem på gata”. Denne forma for intervju blir brukt både i aviser, radio og TV. Ofte er føremålet å formidle kva vanlege folk meiner om ei bestemt problemstilling. Sidan svara er korte og intervjuobjekta ofte tilfeldig valde, har slike intervju meir verdi som underhaldning enn som informasjon.

Intervjuet som arbeidsreiskap

Intervjuet er ein viktig arbeidsreiskap i all form for journalistikk. Gjennom intervju med ulike kjelder skaffar journalisten seg informasjon om eit bestemt saksområde. Det kan vere årsakssamanhengar, forskjellige synspunkt, eller bestemte opplevingar.

Journalisten kan så samanhalde den informasjonen ho eller han får, med andre kjelder, og gjere seg opp ei meining om kva som er kjernen i saka. Deretter vel journalisten ut dei kjeldene som det er mest aktuelt å sitere når saka skal publiserast.

Vel rett informant

  • Informantane kan bidra med ulik informasjon. Ein kan dele dei i tre grupper:
  • Ekspertar (til dømes ein politimeister eller ein professor)
  • Meiningsberarar (personar som har sterke og tydelege meiningar om saka, basert på kunnskap eller erfaringar)
  • Førstehandskjelder (personar som har opplevd det som hende, på nært hald)

Ekspertane kan bidra med fakta, og informasjon om årsaker og verknader. Politikarar kan bidra med synspunkt på det som har hendt, og forslag til løysingar. Førstehandskjelder tilfører saka ein kjenslemessig nærleik.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Mediesjangrar