Dei fleste reisebloggane fortel om eksotiske turar til fjerne verdsdelar. Men det går også an å lage ein reiseblogg som skildrar opplevingsrike småturar i nærmiljøet.
Kor er det fint å bade? Har du ein god fiskeplass? Kva med ein blogg som fortel historia til dei mange statuane i heimbyen din?
Bruk fantasien og lag ein reiseblogg som gjer at andre får lyst til å dra til heimstaden din neste gong dei skal på ferie. Hugs at ein god blogg også må ha gode bilete!
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018