Hopp til innhald

Fagstoff

Kåseri og petit

Petit og kåseri er subjektive tekstar med eit munnleg preg. Tekstane har ofte ein humoristisk undertone.
Linda Eide sit på huk i raud og kvit joggedress og held eit påskeegg med Fox-karamellar og sjokolade i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med samtalen som førebilete

Orda kåseri kjem av fransk causerie, som betyr lett, ledig samtale. Kåseriet er då også opphavleg ein munnleg sjanger og karakteriserer ein danna, lett samtale om litteratur, filosofi eller kunst.

Den første som brukte ordet kåseri om skriftlege tekstar, var den franske kritikaren Charles-Augustin Sainte-Beuve (1804–1869). Kåseria hans var forfattarportrett med litteraturkommentarar. Etter kvart blei kåseri ei sjangernemning for lette aviskommentarar om vitskap og kunst, med eit munnleg og samtalande preg.

Kåseri og petit

Dei trykte kåseria blei òg kalla petitar (fransk for liten), på grunn av skriftstorleiken desse tekstane blei sette med. I dag bruker vi framleis nemninga petit på korte, kåserande tekstar i aviser, mens ordet kåseri først og fremst karakteriserer den munnlege varianten, til dømes i radioen, i revyar og standup-show.

I skulesamanheng kallar vi òg skriftlege tekstar i denne sjangeren for kåseri. Meir presist burde vi kanskje kalla dei for manus til eit kåseri.

Sakleg innhald – leikande språk

I eit kåseri forheld forfattaren seg til den verkelege verda – emnet er som oftast kvardagsleg eller dagsaktuelt. Språket er derimot prega av eit leikent og utforskande forhold til dette emnet. Ein kåsør kan leike med ord og uttrykk og alle slags språklege verkemiddel.

Humor og ironi

Emnet skal behandlast på ein lett og humoristisk måte. Derfor blir ironi eit viktig verkemiddel, og kåsøren bruker generaliseringar, overdrivingar, underdrivingar og andre verkemiddel som har ein humoristisk effekt.

Munnleg tone

I tillegg held kåsøren ein lett og munnleg språktone, til dømes gjennom enkel setningsoppbygning, kvardagslege ord og uttrykk eller slang.

Personleg og subjektivt

Eit anna typisk trekk ved kåseriet er den personlege tonen i teksten. Forfattaren er synleg, bruker gjerne eg- eller vi-form og rettar seg ofte direkte til mottakaren. Det er òg vanleg at kåsøren tydeleg viser at han har personlege synspunkt om emnet han tek opp.

Litt meir enn underhaldning

Ein god kåsør har fleire føremål med teksten sin: Han vil underhalde, men også vekkje ettertanke, og derfor er både form og innhald viktig. Målet er gjerne å få lesaren til å sjå på røyndommen med eit nytt og skeivt blikk.

Sjangerdøme

Maria Parr:

Kåserieksempel: Salomo, midtnormalen og eg

0:00
-0:00

Linda Eide:

Familien som spela vekk jola

0:00
-0:00
CC BY-NC-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Mediesjangrar