Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forstå perspektivet til barnet

For å kunne vise omsorg er det viktig å forstå perspektivet til barnet. Det vil seie måten barn ser verda på, korleis dei opplever og erfarer verda. Perspektivet til barn kan vere forskjellig frå ditt.
Teikning av ein gut og ei jente sit ved eit bord og et hamburgarar. Guten tek ketsjup på hamburgaren så det sprutar ut over bordet. Det ser ut som både han og jenta kikar ut i lufta, og dei ser ikkje så glade ut. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forstå perspektivet til barnet

Har du nokon gong opplevd kor irriterande og frustrerande det kan vere dersom andre tolkar handlingane dine på feil måte? Det å bli misforstått eller at andre tileignar deg ei kjensle som at du er sint når du eigentleg er lei deg?

Det er lett å misforstå barn og unge dersom vi berre tolkar ut frå det dei gjer, utan å prøve å forstå kva det tenkjer og føler. Det er mykje som kan liggje bak ei handling. For å skjønne kva som ligg bak handlinga, må du i tillegg til å sjå og høyre det barnet gjer og seier, tenkje på det du veit om reaksjonsmønsteret til barnet, situasjonen de er i, og kva som har skjedd tidlegare.

Ver oppriktig nysgjerrig og innstilt på å forstå barnet. Lytt godt, slik at du ser meir enn det barnet fortel med ord, òg det som blir uttrykt gjennom kroppen. Då blir det enklare å sjå perspektivet til barnet, korleis barnet opplever og erfarer verda. Kva behov, tankar, ønske og kjensler har barnet? Kva åtferd følgjer av desse tilstandane? Å sjå verda frå ståstaden til barnet er viktig for å forstå, hjelpe og støtte på ein god måte.

Ikkje trekk for raske slutningar. Barnet veit heller ikkje alltid kvifor dei gjer som dei gjer, så ikkje forvent å alltid få svar. Kva barnet tenkjer, meiner og føler, eller kvifor det gjer som det gjer, kan vere ganske annleis enn det vi trur. Det er derfor lurt å utforske litt.

Oppgåver

  1. Kva betyr perspektivtaking?
  2. Kvifor er det viktig å forstå perspektivet til barnet?
  3. Kva må du gjere for å forstå andre sitt perspektiv?
  4. Korleis kan du utforske andre sitt perspektiv?
  5. Kvifor er det viktig å forstå at barnet kanskje ikkje har same oppleving av verda som du har?
  6. Beskriv korleis det er å vere saman med deg når du er sint, irritert, lei deg eller synest noko er urettferdig. Korleis ønskjer du at andre skal møte deg når du har slike kjensler?
  7. Korleis kan du vere saman med barn som er irriterte, sinte eller lei seg? Korleis tole kjenslene til andre?
  8. Du har førebudd deg til å vere saman med ei gruppe barn på tur. Du har pakka alt av utstyr, og du fortel at de skal gå ein halvtime til de kjem til vatnet, og når de kjem dit, skal de sjå på torsken som er i elva. Du blir korrigert av ein elev som seier at det tek berre 15 minutt å gå dit, og at torsk berre lever i saltvatn. Det finst ikkje torsk i elver. Det koker litt innvendig hos deg. Du kjenner deg audmjuka og får lyst til å vise kunnskapsmusklane dine og setje eleven på plass.

    1. Kva trur du eleven har behov for?
    2. Korleis kan du vere ein klok og omsorgsfull vaksen i denne situasjonen?

      Du kikar bort på eleven og ser at eleven godt kunne tenkt seg å dele "flinkare enn deg"-augneblinken med deg.

    3. Korleis kan du vere saman med eleven i den kjensla du har no?
    4. På kva måte kan du vere ein god rollemodell for eleven i denne situasjonen?

Lag film

Jobb i grupper og lag ein film om perspektivet til ungdommar. Her kan de sjølve velje tema, til dømes ungdommar sitt perspektiv på å gå på vidaregåande skule.

Det er lurt å lage nokre gode og opne spørsmål først. Undervegs i filmen må de lytte godt, slik at de har moglegheit til å stille opne oppfølgingsspørsmål.

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2016). Se eleven innenfra. Relasjonsarbeid og mentalisering på barnetrinnet. Gyldendal akademisk.

Bufdir. (2020, 8. juni). Se verden gjennom barnets øyne. https://bufdir.no/foreldrehverdag/smabarn/se_verden_gjennom_barnets_oyne/

Relatert innhald

Alle treng omsorg og omtanke uavhengig av alder og livssituasjon. Omsorg bidreg til utviklinga til barnet.

Å knytte relasjonar er grunnlaget for å kunne fungere sosialt. Derfor er det viktig at du utviklar gode relasjonsferdigheiter.

CC BY-SASkrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023

Læringsressursar

Tilpassa omsorg