Omsorg for barn i barnehage - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Omsorg for barn i barnehage

Omsorg for barn krev gode relasjonar slik at det blir skapt god tilknyting mellom barn og vaksne. Ei god tilknyting skaper tryggleik for barnet. Tryggleik oppstår når barnet blir sett, forstått og teke på alvor. Då blir det skapt ro og indre tryggleik til å utforske verda.

Vaksenpersonar med god omsorgsevne

Små barn har eit grunnleggjande behov for tryggleik, føreseielegheit og stabilitet. Omsorg for små barn betyr mellom anna å møte behovet barna har for nære relasjonar og tilknyting. Den vaksne må vere emosjonelt tilgjengeleg for barna.

Når barnet er eitt år er relasjonen til dei vaksne viktigast, men etter kvart som barnet blir eldre, blir relasjonar til andre barn viktige. Barn vil prøve å knyte seg til vaksne i barnehagen. Ønsk barnet velkommen til barnehagen med begeistring og kjærleik kvar dag. På den måten bidreg du til at barnet får kjensla av å vere verdifull, og det bidreg til å knyte band mellom dykk.

La barnet vere nær deg – vis at du liker barnet

Små barn treng nærleik og mykje fysisk kontakt for å føle seg trygge. Dei treng vaksne som er til stades og tilgjengelege. Det er viktig at du bruker tid og har merksemda di retta mot barnet i alle kvardagssituasjonar i barnehagen.

Ver saman med barnet og gjer ting saman med det. Vis at du liker å vere saman med barnet. Ver nær slik at du kan hjelpe til med det barnet ikkje klarer sjølv. Då er du òg tilgjengeleg for nærleik og trøyst når barnet treng det. Små barn treng trøyst relativt ofte, og dei treng at du som vaksen kan trøyste det og vise godheit kvar gong.

Smil, syng, snakk med barnet, og set ord på det de gjer saman. Gled deg saman med barnet. Sjølv om barnet ikkje forstår alt du seier, vil det forstå haldninga bak orda og at du formidlar at "her er det trygt å vere" og "vi liker deg".

Møt barnet med venlegheit

Møt barnet på ein slik måte at det forstår at du vil det vel. Stryk på barnet, gi det ein klem. Løft barnet og hald rundt. Ha medkjensle og tilby eit trygt fang. Bruk ei venleg og varm stemme. Som når du møter eit lite barn som sit og græt: "Lille ven, eg ser du græt. Kom så skal eg trøyste deg og passe på deg. Vi set oss her." Løft barnet opp og ta det med bort til ein stol, slik at det kan sitje på fanget ditt så lenge det vil. Stryk barnet nedover ryggen og gi ein klem mens du snakkar roleg til det. Det er trygt for barnet å vite at du er der, og det erfarer at det er trygt å vere hos deg.

Delta i rutinesituasjonane

Små barn treng rutinar og gjentakingar. Det skaper tryggleik å vite kva som skal skje. Når måltidet forgår på same måte kvar gong, og når det er ritual knytte til kvile og soving, vil barnet oppleve å ha kontroll over situasjonane. Det bidreg til ei kjensle av å meistre. Bruk tid saman med barnet i alle kvardagssituasjonane. Stell og bleieskift, måltid, kvile/søvn, påkleding, leik og aktivitetar både inne og ute er naturlege delar av kvardagen i barnehagen. Ver ein vaksen som oppmuntrar, hjelper og støtter og trøystar ved behov. Ver til stades slik at barnet òg kan ha ein å dele gleda med.

Forstå barnet

Små barn klarer i mindre grad enn eldre barn å setje ord på kva dei treng. Dei treng derfor vaksne som er der, ser dei, og som prøver å forstå korleis barnet til kvar tid har det, og kva det treng. Vaksne må derfor engasjere seg for å finne ut kva barnet treng. Vi må kunne tilpasse oss til barnet for å møte behovet til barnet i dei ulike situasjonane.

I dei første leveåra er høgre hjernehalvdel i stor utvikling. Det betyr at barnet jobbar mykje med å tolke og handsame kjensler. Det vil derfor trenge hjelp til å takle og regulere kjenslene sine. Å regulere eigne kjensler er eit naudsynt grunnlag for sosial utvikling og leik. Barnet blir kjent med seg sjølv i samspel med nære omsorgspersonar.

Små barn uttrykkjer kjenslene sine med kroppen, med lydar og etter kvart òg gjennom språk. Ver sensitiv for kjenslene til barnet og vis at du aksepterer og forstår kjenslene til barnet. Lytt til det barnet uttrykkjer både med kropp, lydar og språk, og tilpass handlingane dine til dette. Snakk med barnet og set ord på opplevingane og kjenslene, det hjelper barnet til å bli kjent med orda for dei ulike kjenslene dei har. Etter kvart kan det bidra til at barnet kan snakke om eigne kjensler. Å setje ord på kjenslene bidreg òg til at barnet kan organisere kjenslene, sjølv om dei ikkje skjønner alle orda enno.

Utforsk og gled deg saman med barnet

Små barn er nysgjerrige og liker å utforske omgivnadene. Dei gjer eigne erfaringar som dei lærer av. Utforsk saman med barnet. Følg initiativet til barnet, gi hjelp og støtte slik at du har moglegheit til å utvide initiativet til barnet. Legg til rette for meistring ut frå det du ser at barnet klarer å gjere sjølv. La barnet få prøve sjølv. Smil og oppmuntre.

Når du er til stades og sørgjer for den fysiske tryggleiken til barnet, vil barnet oppleve ein indre tryggleik. Denne tryggleiken gir kraft til leik og utforsking, fordi barnet kjenner at "dei vaksne passar på meg".

Små barn treng vaksne rundt seg som er tilgjengelege for positive kjensler og som kan leike og tøyse litt og glede seg saman med dei. Å ha nokon å fryde seg saman med når det meistrar verda, er viktig. Forsterk dei positive kjenslene til barnet. Gled deg saman med barnet.

Gi hjelp og støtte når det blir vanskeleg

Små barn har liten sjølvkontroll. Dei kan i liten grad setje eigne behov til sides og er ikkje så gode på å vente. Det er òg vanskeleg for dei å følgje reglar. For at denne kapasiteten skal utvikle seg, treng dei støtte frå dei vaksne. Ver til stades for å gi støtte og hjelp når problem oppstår.

Hjelp barnet med å finne løysingar, forklar og finn alternativ. Set grenser på ein venleg, roleg og trygg måte. Det bidreg til å gi barnet tryggleik slik at dei tør å utforske omgivnadene, slik at læring og utvikling kan skje.

Utfordringar til deg

  1. Kva er viktig i omsorg for små barn?
  2. Kvifor er det viktig å ha tid i omsorga?
  3. Korleis kan du vise at du liker eit barn?
  4. Kva betyding har det for barnet at du ser det og passar på det?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Fagbokforlaget.

Drugli, M. B. (2013). God omsorg for de yngste barna i barnehagen – hva skal til. https://www.yumpu.com/no/document/read/21672419/may-britt-drugli-god-omsorg-fylkesmannenno

Drugli, M. B. (2017). Liten i barnehagen. Forskning, teori og praksis. Cappelen Damm Akademisk.

Montgomery, H. (2018). Miraklenes tid. Syv enkle steg for å lykkes med oppdragelsen. 0–2 år. Pilar Forlag.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020