Tryggleik for dei yngste i barnehagen - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tryggleik for dei yngste i barnehagen

Å starte i barnehagen byr på mange utfordringar for barn. Det eittåringen først og fremst treng, er at den vaksne lærer seg å kjenne uttrykka og behova til barnet, slik at barnet blir møtt på ein god måte.

Oppgåver

  1. Kva må til for at ein eittåring skal føle seg trygg i barnehagen?
  2. Kva betyr det at det viktigaste arbeidsverktøyet er deg sjølv?
  3. Korleis kan du utvikle ditt eige arbeidsverktøy slik at du blir god til å skape gode relasjonar til barn?
  4. Kva betyr emosjonell inntoning?
  5. Kva bidreg tryggleik i relasjonen til?
  6. Øv deg på å møte kjenslene til andre.

    1. Gå saman med ein eller fleire medelevar. Ein av dykk skal vere i rolla som den personen som uttrykkjer ei kjensle. Kjensler kan vere glede, interesse, frykt, sinne, skam, avsky, skuld, tristheit. Du som speler rolla, kan fortelje om ei oppleving som gav ei sterk kjensle. Samtidig viser du med kroppen korleis denne kjensla fekk eit kroppsleg uttrykk.

      Den andre skal møte denne kjensla på ein god og omsorgsfull måte.

      Byt roller slik at alle får prøvd både å uttrykkje ei kjensle og å møte kjenslene til ein annan.

    2. Snakk saman om korleis det var å møte den andre sine kjensler. Var nokre kjensler lettare å møte enn andre? Viss ja, kvifor trur de at det er slik? Korleis opplevde du det å bli møtt på den kjensla du hadde/uttrykte?
    3. Diskuter kvifor det er viktig å møte kjenslene til andre på ein omsorgsfull måte.
  7. Lag ein plakat med overskrifta "Gode relasjonar". Set inn bilete og tekst på plakaten som svarer på spørsmåla:
  • Korleis skape gode relasjonar?
  • Kva bidreg gode relasjonar til?


    Her kan du gjerne teikne sjølv eller hente bilete frå internett som beskriv det du seier i teksten din.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021