Korleis utøve aldersstilpassa omsorg?
- I denne oppgåva skal du beskrive konkret kva du vil gjere for å vise omsorg for barn i ulik alder. Ta for deg nokre kvardagssituasjonar, til dømes mottaking, leik, aktivitet, påkleding, toalett-/stelle-/vaskesituasjonar, soving/kvile, samvær, måltid, avskjed.
- Korleis utøve omsorg for barn mellom 1 og 3 år?
- Korleis utøve omsorg for barn mellom 3 og 5 år?
- Korleis utøve omsorg for barn og unge mellom 6 og 12 år?
- Korleis utøve omsorg for ungdom mellom 12 og 18 år?
- Erik Erikson (1902–1994) er kjend for teorien sin om personlegdomsutvikling. Han meinte at personlegdommen til barn blir utvikla i samspel med omgivnadene. Han delte utviklinga til mennesket inn i åtte ulike stadium/fasar. Ifølgje Erikson har kvar fase i livet sine kriser og moglegheiter. Korleis barnet blir møtt av vaksne, får betyding for om krisa får eit godt eller dårleg utfall for identitetsutviklinga til barnet. Det er viktig å merkje seg at alle krisene er til stades heile livet, men Erikson meinte at dei var meir framståande på spesielle alderstrinn.
Korleis kan du utøve god omsorg for barn i ulik alder sett i lys av Eriksons psykososiale teori? Målet er å styrkje utviklinga til barnet slik at det ikkje får eit negativt utfall i dei ulike fasane. Bruk gjerne ulike kvardagsaktivitetar når du beskriv kva du kan gjere. (For å repetere Eriksons psykososiale teori, kan du sjå på fagstoffet frå Vg1 som ligg nedst på denne sida.)- Korleis utøve omsorg slik at barnet utviklar tillit i staden for mistillit når det er under 1 år?
- Korleis utøve omsorg slik at barnet utviklar sjølvstende i staden for skam og tvil når det er mellom 1 og 2 år?
- Korleis utøve omsorg slik at barnet utviklar initiativ i staden for skuldkjensle når det er mellom 3 og 5 år?
- Korleis utøve omsorg slik at barn og unge utviklar arbeidsevne og kjensle av dugleik i staden for mindreverdskjensle eller kjensle av å vere underlegen når dei er mellom 6 og 12 år?
- Korleis utøve omsorg slik at ungdom utviklar ein positiv identitet i staden for at det oppstår ei identitetsforvirring eller rollekonflikt når dei er mellom 12 og 18 år?
Barn og unge er ulike og har ulikt temperament og veremåte. Det medfødde temperamentet til barn påverkar relasjonen til omsorgspersonane, og vi vaksne reagerer ulikt på dei. Det er viktig at vi vaksne legg til rette for at alle barn får gode vilkår, sjølv om dei har ulike temperament.
- Korleis utøve omsorg når barn og unge er stille, rolege og forsiktige?
- Korleis utøve omsorg for barn og unge som viser utagerande og aggressiv åtferd?
- Korleis utøve omsorg for barn og unge som handlar impulsivt og er aktive?
- Del det du har skrive, med ein eller to medelevar. Diskuter dei ulike måtane å utøve omsorg på for barn og unge i ulik alder og med ulikt temperament.
- Diskuter kvifor tilknyting er ein viktig del av omsorg.
- Diskuter kvifor det er så viktig å ha godheit for barn og unge.
- Lag ein plakat med overskrifta: "God omsorg på vidaregåande skule".
Innhaldet i plakaten skal beskrive kva ungdom på vidaregåande treng av omsorg for å ha det bra på skulen. Ver konkret. Kva må medelevar og vaksne gjere for at skulen skal vere ein trygg stad, slik at ungdom tør å utforske slik at læring skjer?
Når de utformar plakaten, er det fint om de nyttar gode bilete som illustrerer teksten de har skrive. Denne plakaten kan de gjerne hengje opp på fleire plassar på skulen for å gi informasjon om kva ungdom treng av omsorg på skulen.
Relatert innhald
I denne e-førelesinga kan du lære om Erik Eriksons modell for psykososial utvikling frå fødsel til død.
Mange har forska på og skrive om utviklingspsykologi. Her presenterer vi kort Erik Erikson sin teori.